Oppgave
Samanlikn austlege religionar
I denne oppgåva skal du utforske ulike fellestrekk i dei såkalla austlege religionane.
Samsara er eit sentralt omgrep i både hinduismen, jainismen, buddhismen og sikhismen, men kva er meint med dette omgrepet?
Omgrepet karma betyr "handlingar" og/eller "konsekvensar", men det blir litt ulikt forstått i forskjellige religionar. Forklar. (Du kan lese meir om karma på Store norske leksikon.)
I dei fire religionane er det einigheit om at målet er å komme ut av samsara, men dei har ulike vegar til målet. Vel minst to av religionane hinduismen, jainismen, buddhismen og sikhismen og beskriv vegen eller vegane deira ut av samsara.