Religionskritikk - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Religionskritikk

Er religionen si lære sann? Kva slags funksjon har religion for individ og samfunn? Det er slike vurderingar religionskritikk handlar om. Slik kritikk er i stor grad kulturavhengig. Her skal vi sjå på vestleg – og særleg europeisk – religionskritikk.

Ulike perspektiv

Religion er omdiskutert. I Vesten er det utvikla ein kraftfull kritikk av religionar. Samtidig har dei fleste menneske i verda ei tru som opplevast viktig for dei. Kritikk kan komme innanfrå, frå dei truande sjølv, eller det kan vere filosofiske og vitskaplege perspektiv som grunngir kritikken (utanfråperspektiv).

Vi finn døme på religionskritikk allereie i oldtida. Kritikken var vanlegvis konkret og kritiserte bestemde førestillingar. Han kom sjeldan som ei radikal avvising av religion. Først med opplysningstida blei det utvikla ein prinsipiell og generell kritikk av religion som fenomen.

Religionskritikk kan ha eit filosofisk og livssynsbasert grunnlag, som føreset ein bestemd ståstad for kritikken. Religionskritikk kan òg vere basert på eit meir allment grunnlag, til dømes kritikk av religiøse førestillingar som bryt med anerkjend forsking eller med sentrale verdiar og moralske vurderingar som eit samfunn står bak.

Tre kritiske perspektiv:

  • illusjonistiske teoriar om religion
  • moralsk kritikk
  • reinsande kritikk innanfrå

Illusjonistiske teoriar

Illusjonistiske teoriar om religion oppfattar religion som noko som bør avslørast. Dei føreset altså at religion er ein illusjon. Thomas Hobbes (1651) er ein god representant for denne kritikken. Han uttalte at det er vankunne og frykt som har skapt gudane, og tyrannar har kunna bruke ein illusjon for å halde folket i trældom.

Også den moderne religionskritikken på 1800- og tidleg 1900-tal bygger vidare på ein illusjonistisk religionsteori. Filosofen Ludwig Feuerbach hevda at mennesket har skapt Gud i sitt eige bilete, og at Gud er ein projeksjon av mennesket sine gode eigenskapar. Han meinte òg at tragisk nok beundrar mennesket desse eigenskapane hos Gud i staden for hos seg sjølv. Feuerbachs teori blei teken opp av den politiske filosofen Karl Marx, som kalla religion eit sløvande opium som hindra folkets frigjering. Denne varianten knyter religionskritikk tett saman med ei revolusjonær haldning.

Den austerrikske legen Sigmund Freud forklarer religionen psykologisk, og sier at Gud er ein projeksjon av ein autoritær farsfigur som mennesket må frigjerast frå for å leve eit sunt liv.

Også nyateistar som Richard Dawkins oppfattar religion som ein livsfarleg illusjon. Med nyateismen blir vitskapleg kritikk av religion viktig for å grunngi den illusjonistiske religionsteorien. Han hevda at religion er forfeila vitskap som bør erstattast av vitskapleg erkjenning.

Moralsk kritikk

Former for religion kan vere konfliktskapande og gi grunnlag for irrasjonell fanatisme. Ein viktig del av religionskritikken handlar om moralsk kritikk av idéar og praksisar i religionar. Slik kritikk kan basere seg på verdi- og normgrunnlaget i samfunnet, eller på kritikaren si eiga moralske overtyding.

Moralsk religionskritikk har ei lang historie. Det finst nokre døme allereie i antikken. Også profetane i Det gamle testamentet tok eit oppgjer med religiøsitet som hadde gløymd at Gud bryr seg om rettferd. Den klassiske religionskritikken med Marx i spissen tek eit liknande oppgjer med korleis religion blir brukt som middel for undertrykking.

I vår tid har oppgjeret med religiøst grunngitt vald blitt sentralt. Konservative og autoritære religionsformer som praktiserer legitimert kvinneundertrykking og negativitet overfor seksuelle minoritetar, har komme i eit kritisk søkelys.

Moralsk kritikk kan òg gå på sjølve gudsbiletet i religionane og på religionsformer som truar folks sjølvstende, fridom og moglegheit til sosial og politisk framgang. I artikkelen "Stephen Fry kaller Gud en 'ond, lunefull, monstrøs galning' " i The Guardian kan du lese om Frys kritikk av det kristne gudsbiletet då han blei intervjua på irsk tv.

Reinsande kritikk innanfrå

Kritikk av religion kan bygge på ein idé om at det finst ein idealreligion eller ei moglegheit til å forbetre ein religion. For Luther var katolisismen i samtida gjennomsyra av ubibelske tradisjonar og førestillingar. Ein djup reformasjon måtte til, ifølge Luther, for å få fram den eigentlege kjernen til kristendommen. Kristendommen måtte reinsast for alt som ikkje hadde støtte i Bibelen.

For fleire av opplysningsfilosofane fanst det ein fornuftig religion som òg var den sanne religionen. Kristendommen i samtida deira låg langt unna den ideale religionen.

Den sentrale opplysningsfilosofen Kant var einig i at ein kunne finne ein rein religion innanfor grensene til fornufta. Men Kant avviste mogelegheita for ei teoretisk erkjenning av Guds eksistens og mogelegheita for gudsbevis. Tru og vitskap måtte ikkje blandast saman. Han argumenterte likevel for tru på Gud. Gud er garantien for at moralitet og gledesrus kan sameinast, og dermed føresetnaden for at vi kan handle meiningsfullt. Denne argumentasjonen blir kalla for Kants praktiske gudspostulat.

Religionskritikk i dag

I dag handlar religionskritikk meir om korleis religion kan vere velfungerande i samfunnet. Han vil òg handle om evna til openheit og toleranse overfor andre sin ståstad og det å kunne vere sjølvkritisk. Ein religion på moderne premissar inneber at religion handlar om behova til individa, og er ikkje ei sak for staten.

Religionskritikk er òg viktig for religionen sin eigen del, for statusen og evna religionen har til å fungere konstruktivt, og for å kunne oppnå anerkjenning i samfunnet. Han skaper ei moglegheit for å ha eit analytisk og kritisk forhold til eigne tradisjonar.

Skrive av Åge Schanke. Rettshavar: OsloMet
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022