Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Religionskartet

Nokre religionar har fått stor utbreiing i verda. Andre er stort sett avgrensa til eitt eller nokre få land. Korleis blei det slik?

Oppgåve

Set dykk saman to og to eller i små grupper. Studer kartet under.

  1. Er det noko som overraskar dykk med kartet? Undersøk i tilfelle dette nærmare.

  2. Kristendommen og islam er to religionar som er utbreidde over store område. Kva trur de er årsaka til dette?

  3. Kva tenker de er grunnen til at jødedommen, hinduismen og buddhismen ikkje har spreidd seg over større område?

  4. Sjå på landa som ikkje har nokon dominerande religion. Kvifor er det slik, trur de?

Samanfatt i plenum.

Tekstbeskriving av kart

Kartet viser dominerande religionar i ulike delar av verda.

Kristendommen er dominerande i Europa, Amerika, Afrika sør for Sahara og Oseania.

Islam er dominerande i Nord-Afrika, Midtausten, Malaysia og Indonesia.

Hinduismen er dominerande i India, Nepal og Bangladesh.

Buddhismen er dominerande i Mongolia, Thailand, Burma, Laos og på Sri Lanka.

Jødedommen er dominerande i Israel.

Kina, Japan, Vietnam, Nord-Korea, Sør-Korea, Tsjekkia og Estland har ingen dominerande religion.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 08.06.2026