Fiken

Smak og historie
Fiken har høgt naturleg sukkerinnhald, og smaken kan beskrivast som søt og syrleg med ein smule nøtt. Skalet består eigentleg av kronblada til blomsteren. Fiken er ei svært gammal frukt og er omtalt i både Det gamle og Det nye testamentet.
Bruksområde

Fersk fiken er ei herleg dessertfrukt med mange brukseigenskapar. Fersk fiken passar godt til ostebord, i fruktsalat eller middagssalat. Han kan gjerne gratinerast eller bakast og serverast varm som dessert eller med parmesan på tapasbordet. Fiken kan brukast i kjøttrettar eller som garnityr til is. Han er òg godt eigna i bakverk.
Næringsinnhald
Fiken inneheld vitamin A, som bidreg til normal hud og normalt syn. Fiken har òg høgt kostfiberinnhald. Det høge kostfiberinnhaldet gjer fiken gunstig for fordøyinga.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Kvalitetskrav

Fiken skal vere moden og gi etter for lett trykk. Han bør vere rein og fri for sprekkar eller støytflekker. På overflata av frukta finst det ofte eit pulveraktig belegg som er heilt naturleg. Dei mest modne og beste fikenane er normalt dei som er mørkast i fargen.
Lagring
Fiken bør lagrast mellom 0 og 4 gradar. Moden frisk fiken har kort haldbarheit og bør etast så fort som mogleg. Fiken må oppbevarast kjølig og vernast mot direkte lufttrekk. Fiken må òg handterast varsamt. Han får svært lett trykk- og støytskadar.
Film: Fiken og dadlar
I filmen under (lengde 2:03) kan du lære meir om fiken og få tips om korleis han kan bli laga til og servert.