Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Druer

Druer kjem opphavleg frå Asia. Der har dei har vore kjende i over 5000 år, og dei er blant dei eldste fruktene vi kjenner.

Dyrking og typar

I dag er drue ei av dei mest dyrka fruktene i verda. Det finst tusenvis av druesortar, og mest vanleg er det å skilje mellom grøne, raude og blå, og mellom borddruer og vindruer.

Berre ti prosent av det som blir hausta av druer, blir etne . Heile 80 prosent går til vin- og brennevinsproduksjon og resten til rosiner, saft og hermetikk. Smak, konsistens og storleik varierer etter sorten, og det finst òg steinfrie variantar. Druer modnast ikkje etter hausting, og dei skal derfor haustast modne.

Bruksområde

Vi et druer naturelle som forfrisking, i fruktsalat, til ost eller dessert. Dei har fin smak og passar til fjørfe og steikt kjøtt. Bruksområdet er stort, og dei er i tillegg dekorative på fruktfat.

Næringsinnhald

Druer inneheld mineral som fosfor, jern og kalsium. Frukta inneheld òg druesukker som raskt blir teke opp i blodet.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Druer skal vere heile, faste og reine utan støytskadar eller sprekkar. Dei skal vere saftige og sitje fast på stilken.

Lagring

Druer blir lagra ved 0 til 2 gradar. Haldbarheita til druer varierer mykje frå sort til sort. Under gode lagringsforhold kan druer bli oppbevarte i fleire veker utan å ta skade.

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 25.02.2026