Ananas

Utsjånad og eigenskapar
Ananas består eigentleg av over 100 individuelle bær samla rundt ein treaktig stilk som blir avslutta med ei bladkrone.
Ananas er tilgjengeleg i Noreg heile året i fleire storleikar. Dei minste blir kalla miniananas og veg frå 2 til 3 hekto. Dei største er søtare fullvaksne ananas på rundt 2 kilo. Skalet på ananasen er skjelprega, tørt og sprøtt, mens fruktkjøttet er saftig og har ein frisk og syrleg smak.
Bruksområde

Med sin søte, syrlege og friske smak er det faktisk vanskeleg å finne noko som ein ikkje kan ete ananas til. Han blir ofte brukt til salatar, i dessertar, som mellommåltid, og han passar godt i mange kjøtt- og fiskerettar. Han er mykje brukt i sterke retter frå Asia, India og Mexico. Ananas kan lagast på fleire måtar, rå eller varmebehandla. Grilla ananas er verd å prøve.
Næringsinnhald

Ananas har høgt innhald av vitamin C. Vitamin C bidreg til at immunsystemet fungerer normalt og vernar cellene mot oksidativt stress. Vitamin C aukar opptaket av jern frå andre matvarer du et, og bidreg til danning av kollagen, som har noko å seie for tannkjøtt, tenner og hud. Vitamin C bidreg òg til normal energiomsetning. Ananas har i tillegg høgt innhald av kostfiber som er gunstig for fordøyinga.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Kvalitetskrav
All ananas er moden når han blir hausta. Sukkerinnhaldet blir nøye målt før hausting, slik at han skal oppfylle minimumskravet. Ein ananas bør vere tung i høve til storleiken, og han bør vere velforma og sjå frisk ut. Kronblada skal òg vere grøne og friske. Fargen på ananas kan variere frå grøn til gul. Ein moden ananas kan vere grøn.
Lagring
Temperatur mellom 8 og 20 gradar fremmar modning, mens temperatur frå 4 til 8 gradar er best for lagring av moden ananas.
Film om ananas
I filmen under (lengde 1:28) kan du lære meir om ananas og korleis han kan bli laga til og servert.