Sharon, kaki, persimon

Smak og typer
Sharon ser ut som ein litt flatklemd tomat. Persimon er litt større og rundare i forma. Begge er guloransje og smaker ganske likt. Smaken er søt og litt aprikosaktig med eit stenk av vanilje. Moden sharon og persimon er kjenneteikna ved den sterkt oransje fargen og av at skalet er glasaktig og nesten gjennomsiktig. Frukta inneheld ikkje garvesyre. Sesongen er frå oktober til mars–april.
Kaki inneheld mykje garvesyre når ho er umoden. Frukta blir først eten når ho er mjuk som gelé, ja nesten flytande i fruktkjøttet. Kaki har same farge som sharon og persimon. Kakifrukta blir ofte tørka.
Bruksområde
Sharon kan etast naturell åleine, med is, i sorbé, i fløytekrem eller yoghurt. Han er god i fruktsalat, til ost eller til kjøtt, som kokt skinke eller spekemat.
Næringsinnhald
Sharon inneheld mykje karoten som vert omgjord til A-vitamin i kroppen. 100 g sharon dekker dagsbehovet for A-vitamin. Han inneheld også ein del C-vitamin og mineral – særskilt kalium. Sharon er ei energigivande frukt som ikkje feitar.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Kvalitetskrav
Sharon skal ha eit glatt og blankt skal. Fargen skal vere jamn, og frukta skal vere rein og heil utan sprekkar. Mogen sharon vil ha ein noko mørkare farge enn mindre mogen frukt og lett gi etter for trykk. Av og til kan sharon ha brune flekker i skalet og i fruktkjøttet. Dette treng ikkje tyde på at det er noko feil på frukta, men kjem av det høge innhaldet av sukker og av at ho er fullmogen. Ho bør då raskt etast.
Lagring
0–4 °C. Haldbarheita er avhengig av kor mogen frukta er. Temperaturen er også med på å påverke kor raskt mogninga skjer. Ein heilt mogen og glasaktig sharon har kort haldbarheit og bør etast raskt. I romtemperatur er haldbarheita maksimum éi veke om han ikkje er fullmogen. Sharon eignar seg ikkje til frysing.