Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Melonar

Vi har to hovudgrupper av melon: sukkermelon og vassmelon. Sukkermelon har eit kjernehus i midten, mens vassmelonen har kjernane i fruktkjøttet dersom han ikkje er steinfri.

Sukkermelon blir mest nytta til forrett, i fruktsalatar eller til dessert, mens vassmelon blir nytta som forfrisking, forrett eller dessert.

Variantar

Det finst mange typar melon på marknaden. Av sukkermelonane kjenner vi best igjen variantane honningmelon, nettmelon, galiamelon, kantaluppmelon og ogenmelon. Sukkermelon høyrer til graskarfamilien, saman med mellom anna agurk, graskar og squash. Dei ulike melonsortane blir marknadsførte under sortsnamn, og det er ikkje lett å halde greie på kva gruppe dei ulike melonane høyrer heime i. Sortane varierer sterkt i form og farge – nokre er heilt runde, andre avlange. Nokre er glatte i skalet, andre er stripete, og andre igjen er dekte av eit nettmønster. Fruktkjøttet er anten kvitt, grønt eller oransje.

Bruksområde

Vi deler melonen i to og skrapar ut alle frøa i midten med ei skei. Deretter kan vi dele melonen i mindre bitar, skjere fruktkjøttet laus frå det tjukke skalet og servere han slik. Eit fint serveringstips er å losne fruktkjøttet frå skalet og servere det liggande oppå skalet. Vi kan òg kutte melonen i bitar og ha han i ein fruktsalat eller ete han . Melon er dessutan nydeleg til forrett saman med spekeskinke.

Næringsinnhald

Melon er kalorifattig og inneheld lite sukker trass den søte smaken. Han inneheld noko vitamin A og C i tillegg til kalsium og andre mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Melon må vere fast i konsistensen med eit hardt skal, og han må vere fri for skadar og mørke flekkar. Eit teikn på god kvalitet er at melonen er tung i høve til storleiken. Når sukkermelon er mogen, kjem det fram ein synleg ring kring stilkfestet. Melonen duftar då òg sterkare, og fruktkjøttet gir etter for lett trykk.

Film om melon

I filmen under (lengde 1:46) kan du lære meir om melonar og få tips til korleis dei kan bli skorne opp og serverte.

Slik skjer du melon. Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0
Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 25.02.2026