Banan

Dyrking og lagring
Bananen blir i dag dyrka i det tropiske beltet langs ekvator i både Amerika, Asia og Afrika. Han er ei av dei viktigaste varene i verdshandelen med frukt. Noreg har importert banan sidan 1905.
Kor haldbar banan er, kjem an på kvar i modningsprosessen han er. Banan må ikkje vere på kjølerom. Då blir han grå og mistar smaken. Han blir oppbevart best mellom 12 og 14 gradar.
Variantar

Det finst to hovudukategoriar av banan: vanleg fruktbanan og kokebanan. Under desse to hovudkategoriane finst det mange ulike typar banan. Bananane blir hausta umodne og skipa i spesialskip til Europa. Deretter blir bananane modna fram i eigne bananmodneri før dei blir sende på marknaden.
Bruksområde
Banan blir i hovudsak eten naturell, som mellommåltid eller dessert. Han kan òg nyttast som pålegg, i fruktsalatar, til kakefyll, som babymat og steikt som tilbehøyr til middagsrettar. Banan smakar spesielt godt i kombinasjon med sjokolade, som til dømes i banansplitt.
Næringsinnhald

Banan inneheld meir karbohydrat enn dei fleste andre fruktslag og er dermed veleigna for å gi eit energitilskot. Bananen er derfor ideell å ete før og etter fysisk aktivitet, sidan kroppen raskt tek til seg næringa. Han inneheld mykje fiber, som har ein stabiliserande verknad på fordøyinga. Bananen inneheld òg vitamin A, B og E i tillegg til minerala fosfor, kalium, jern og sink.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Kvalitetskrav
Bananen blir modna fram her i landet og kan ha ulik modningsgrad etter ønske frå kundane. Bananen skal vere heil og utan sprekkar, mørke flekker eller andre skadar i skalet. Modningsgraden i kartongen bør vere nokolunde jamn.
Film om bananar
I filmen under (lengde 2:34) kan du lære meir om bananar og få tips om korleis dei kan bli laga til og serverte.