Skjering og vinkel mellom linje og plan
Skjering mellom ei linje og koordinatplana
Vi ønsker å finne kvar linja gitt som
skjer -planet.
Tenk over
Kva er likninga for -planet?
Skjeringspunktet
Sidan skjeringspunktet må oppfylle kravet , kan vi finne kva verdi for parameteren i parameterframstillinga til som gir at .
Så kan vi rekne ut dei to andre koordinatane.
Skjeringspunktet mellom linja og -planet er .
For å finne skjeringspunktet mellom linja og dei to andre koordinatplana gjer vi tilsvarande ved å bruke at i -planet er -koordinaten lik 0, mens i -planet er -koordinaten lik 0.
Skjering mellom plan og linje
Vi ønsker å finne ein framgangsmåte for å finne skjeringspunktet mellom eit generelt plan og ei linje.
Døme
Vi skal finne skjeringspunktet mellom linja og planet gitt ved
Løysing utan hjelpemiddel
For hand må vi først finne den verdien for linjeparameteren som gir det punktet på som har koordinatar som passar i likninga for . Det får vi til ved å setje uttrykka for koordinatane i definisjonen til linja inn i planlikninga. Det betyr at vi erstattar i planlikninga med og gjer tilsvarande med og . Vi kan seie at vi set parameterframstillinga for inn i planlikninga til .
Så set vi denne parameterverdien inn i parameterframstillinga til . Dette gir
Skjeringspunktet mellom og er altså .

Løysing med hjelpemiddel
For å finne skjeringspunktet med GeoGebra kan vi starte med å skrive inn linja i CAS på vanleg måte som ein vektorfunksjon. Så gjer vi det same som vi gjorde utan hjelpemiddel: set koordinatane til inn i planlikninga og løyser likninga vi får. Til slutt set vi -verdien inn i vektorfunksjonen for , som vi har kalla r(t).

I algebrafeltet kan vi bruke kommandoen Skjering(β,r). Vi kan i tillegg bruke verktøyet "Skjering mellom to objekt" i 3D-grafikkfeltet for å finne skjeringspunktet. Resultatet i 3D-grafikkfeltet blir som på figuren over. Her heiter skjeringspunktet .
Tenk over
Kva er forskjellen på framgangsmåten når vi skal finne skjeringspunktet mellom ei linje og eitt av koordinatplana, og framgangsmåten når vi skal finne skjeringspunktet mellom ei linje og eit generelt plan?
Vinkelen mellom eit plan og ei linje
Vi ønsker å finne vinkelen mellom ei vilkårleg linje og eit plan .
I figuren nedanfor har vi teikna med ein retningsvektor og med ein normalvektor . ser ut som ei linje på figuren fordi vi ser langs planet. er vinkelen mellom og .
Tenk over
Kva for ein av vinklane på figuren er vinkelen mellom planet og linja som vi ønsker å finne?
Tenk over
Korleis kan vi uttrykke ved hjelp av ?
Vi finn vinkelen mellom planet og linja ved å finne vinkelen mellom retningsvektoren til linja og normalvektoren til planet og rekne ut .
Tenk over
Kva gjer vi dersom vi får at vinkelen mellom retningsvektoren til linja og normalvektoren til planet blir større enn ?
Oppsummering, vinkel mellom plan og linje
Vi har gitt eit plan med normalvektor og ei linje med retningsvektor . La vere vinkelen mellom og .
Vinkelen mellom planet og linja er gitt som
Ved hjelp av absoluttverditeiknet kan vi skrive