Undersøk om desse likningane representerer kuleflater, og finn i så tilfelle sentrum og radius i kulene.
a)
Løysing
Vi minner om at for at ei likning skal kunne representere ei kuleflate, må likninga kunne skrivast på forma
der radiusen i kula er og sentrum ligg i punktet . Likninga i oppgåva er på forma til den generelle likninga, så kuleflata har sentrum i og radius .
b)
Løysing
Vi lagar fullstendige kvadrat.
Denne likninga er på forma til den generelle likninga for ei kuleflate. Kuleflata har sentrum i og radius .
c)
Løysing
Sidan den generelle likninga for ei kuleflate ikkje har koeffisientar framfor kvadrata, startar vi med å dele likninga på 3 før vi bruker metoden med fullstendige kvadrat.
Denne likninga er på forma til den generelle likninga for ei kuleflate. Kuleflata har sentrum i og radius .
d)
Løysing
Sidan den generelle likninga for ei kuleflate ikkje har koeffisientar framfor kvadrata, startar vi med å dele likninga på 2 før vi bruker metoden med fullstendige kvadrat.
Vi treng ikkje rekne meir for å sjå at når vi trekker saman tala, vil talet på høgre side bli negativt. Då kan vi ikkje rekne ut nokon radius, og likninga kan ikkje representere ei kuleflate.
Kommentar: Likninga inneheld ein sum av tre kvadrat på venstre side. Desse kan aldri bli negative, så likninga har ingen løysingar. Det finst ingen punkt som tilfredsstiller likninga.
e)
Løysing
Likninga inneheld ikkje noko ledd av typen . Då kan ikkje dette vere likninga for ei kuleflate. (Prøv å skrive inn likninga og sjå korleis flata ser ut!)
f)
Løysing
I den generelle likninga for kuleflater har andregradsledda ingen koeffisientar. Her har vi ulike koeffisientar framfor andregradsledda, noko som betyr at vi ikkje kan få forkorta bort desse. Då har vi inga kuleflate.
g)
Løysing
Vi startar med å multiplisere likninga med 2 før vi bruker metoden med fullstendige kvadrat.
Dette kan ikkje vere likningane til ei kuleflate sidan vi får 0 på høgre side av likninga når vi samlar konstantledda der. Likninga er berre oppfylt for punktet .
a) Undersøk utan hjelpemiddel om kuleflata skjer nokon av koordinataksane, og finn eventuelle skjeringspunkt.
Løysing
Eit eventuelt skjeringspunkt med -aksen må ha - og - koordinatar lik null. Dette gir
Skjeringspunktet med -aksen har koordinatane .
Eit eventuelt skjeringspunkt med -aksen må ha - og - koordinatar lik null. Dette gir
Skjeringspunkta med -aksen har koordinatane og .
Eit eventuelt skjeringspunkt med -aksen må ha - og -koordinatar lik null. Dette gir
Vi får inga løysing, så kula har ingen skjeringspunkt med -aksen.
b) Finn ut kor mange punkt med heiltalige koordinatar som ligg på kuleflata.
Løysing
I oppgåve a) fann vi eitt slik punkt på kuleflata. Den generelle metoden blir prøving og feiling med punkt med heiltalige koordinatar til vi finn eit punkt som passar i likninga.
Vi kan lage eit program som går gjennom alle aktuelle punkt med heiltalige koordinatar og testar om punkta passar i likninga. Sidan kula har sentrum i og radiusen er 3, kan ikkje punkt på kuleflata ha koordinatar med absoluttverdi større enn . Vi lar derfor programmet teste med koordinatar i intervallet og bruker ein teljevariabel til å telje talet på punkt som ligg på kuleflata.
Forslag til programkode:
python
1n =0# set ein teljevariabel lik 023for x inrange(-6,7):4for y inrange(-6,7):5for z inrange(-6,7):6if(x+1)**2+(y-3)**2+ z**2==9:7 n = n +1# aukar teljevariabelen med 1 når8# punktet ligg på kuleflata9print(f"Det er {n} punkt med heiltalige koordinatar på kuleflata.")
Det er 30 punkt med heiltalige koordinatar på kuleflata.
c) Punktet ligg på kuleflata. Kva er koordinatane til punktet som ligg på motsett side av kuleflata, det vil seie lengst borte frå ? Løys oppgåva utan hjelpemiddel.
Løysing
Sentrum i kula må ligge midt på linjestykket . Dette gir
Dersom vi set , får vi dessutan
For at vektorane skal vere like, må koordinatane vere like. Dette gir
Punktet har koordinatane .
d) Liggpunktet inne i kula, på kuleflata eller utanfor kula? Løys oppgåva utan hjelpemiddel.
Løysing
For å undersøke om eit gitt punkt ligg inne i kula, på kuleflata eller utanfor kula, reknar vi ut avstanden frå sentrum i kula til punktet. Dersom avstanden er mindre enn radius, ligg punktet inne i kula. Dersom avstanden er lik radius, ligg punktet på kuleflata, og dersom avstanden er større enn radius, ligg punktet utanfor kula.
Vi reknar ut lengda av vektoren frå til .
Punktet ligg utanfor kula.
e) Finn utan hjelpemiddel likninga for planet som tangerer kula i punktet .
Løysing
Planet (tangentplanet) vil stå normalt på vektoren frå sentrum til . Det betyr at ein normalvektor til planet er
Punktet ligg i planet. Den generelle planlikninga gir oss likninga for :
f) Løys oppgåva utan hjelpemiddel og kontroller svaret med CAS.
Finn koordinatane til punktet på kuleflata når planet som tangerer kuleflata i , står normalt på planet .
Løysing
Vektoren frå sentrum til vil vere ein normalvektor til .
Normalvektoren til planet må stå normalt på normalvektoren til planet sidan plana skal stå normalt på kvarandre. Då må skalarproduktet mellom normalvektorane vere 0.
I tillegg veit vi at
Vi set inn .
Dette gir
Vi får
Med CAS kan vi løyse det på denne måten:
g) Ei linje gitt ved parameterframstillinga
Undersøk om linja skjer kuleflata, og finn eventuelle skjeringspunkt. Løys oppgåva utan hjelpemiddel.
Løysing
Dersom linja skjer kuleflata, må det finnast verdiar for som gjer at koordinatane for linja passar i likninga for kuleflata. Då gjer vi som vi gjer når vi skal finne skjeringspunktet mellom ei linje og eit plan: Vi set parameterframstillinga for linja inn i planlikninga.
Vi får negativt tal under rotteiknet. Likninga har ingen reelle løysingar, derfor skjer ikkje linja kuleflata.
h) Finn ei parameterframstilling for linja som tangerer kuleflata i punktet , og som står normalt på planet .
Løysing
Normalvektoren til planet vil vere ein retningsvektor for linja.
Ei parameterframstilling for blir derfor
i) Finn likninga for skjeringskurva mellom kuleflata og planet . Kva slags kurve får vi? Lag ei parameterframstilling for kurva.
Tips til oppgåva
Med skjeringskurve mellom to objekt meiner vi mengda av punkt som ligg på begge objekta.
Løysing
Ei likningsframstilling av skjeringskurva er
Vi set inn i kuleflatelikninga.
Dette er likningsframstillinga for ein sirkel med radius og sentrum i . Legg merke til at vi må ha med oss "", elles veit vi ikkje kvar i det tredimensjonale koordinatsystemet sirkelen ligg.
Ein sirkel i to dimensjonar med radius og sentrum i origo har parameterframstillinga
Flyttar vi sirkelen, må vi legge til koordinatane til sentrum. Totalt gir dette følgande parameterframstilling for skjeringssirkelen:
Her har vi brukt CAS til "alt". Vi får i linje 5 at likninga til planet er .
I linje 6 har vi delt normalvektorane på kvarandre. GeoGebra tolkar dette som at -koordinatane skal delast på kvarandre, - og -koordinatane òg. Sidan resultatet blir ein vektor med like koordinatar, veit vi at , som betyr at normalvektorane, og dermed plana og , er parallelle. Hugs likevel at vi matematisk ikkje kan dele to vektorar på kvarandre sidan divisjon med to vektorar ikkje er definert!
Alternativ løysing for linje 6: Vi kan finne vinkelen direkte mellom dei to plana med kommandoen Vinkel(α,β).
b) Finn avstanden mellom plana og .
Løysing
Vi får at avstanden mellom plana er 2.
Plana og er begge tangentplan til ei kule. Sentrum i kula og dei to tangeringspunkta og ligg på ei rett linje gjennom punktet , sjå figuren nedanfor.
Tverrsnitt av kule og plan
c) Set opp ei parameterframstilling for .
Løysing
Linja går gjennom begge tangeringspunkta. Det betyr at linja står vinkelrett på begge plana. Retningsvektoren til er då lik normalvektoren til plana. I tillegg veit vi koordinatane til punktet som linja går gjennom.
Ei parameterframstilling for linja blir dermed
d) Bestem koordinatane til og .
Løysing
Sidan og er skjeringspunkta mellom og og mellom og , er det desse vi må finne.
Med CAS kan vi skrive inn linja som ein vektorfunksjon og setje koordinatane til vektorfunksjonen inn i dei to planlikningane for å finne dei to -verdiane som gir og .
e) Bestem likninga til kula.
Løysing
Frå oppgåve b) veit vi at avstanden mellom plana er 2. Det må òg vere diameteren i kula. Radiusen er derfor 1. Sentrum i kula må vere midtpunktet på .
Sidan radiusen i andre blir lik 1, blir likninga for kula derfor
Her kan vi lese radius og sentrum rett ut frå parameterframstillinga.
Sentrum i kuleflata er , og radiusen er 2.
b)
Løysing
Sentrum i kuleflata er , og radiusen er .
Oppgåve 8
Finn ei parameterframstilling til desse kuleflatene.
a) Kula har radius 5 og sentrum i .
Løysing
Ei parameterframstilling for kuleflata er
b) Kula har radius og sentrum i .
Løysing
Ei parameterframstilling for kuleflata er
c) Kuleflata har likninga .
Løysing
Frå likninga får vi at sentrum i kuleflata er punktet , og at radiusen er 1. Då er ei parameterframstilling for kuleflata
Oppgåve 9
Jordkloden
Vi kan sjå på jordkloden som ei kule der ekvator ligg i -planet og -aksen går gjennom Nordpolen og Sørpolen, sjå figuren. Ved hjelp av parameterframstillinga av kuleflater på teorisida kan vi angi posisjonen på jordoverflata med vinklane og som vist på figuren.
a) Skriv opp parameterframstillinga med vinklane og for jordoverflata når vi set radiusen til jorda lik 6 400 km.
Løysing
Sidan origo er i sentrum av kula, får vi
Breiddegrad, vinkel u
For alle stader langs ekvator er vinkel . På den nordlege halvkula er positiv, og på den sørlege halvkula er negativ. Vinkelen har verdiar frå minus 90 gradar til pluss 90 gradar. For Nordpolen er lik 90 gradar, og på Sørpolen er lik minus 90 gradar. Alle stader på kloden som har same -verdi, ligg på ein sirkel parallelt med ekvator. Vi seier at desse stadene har same breiddegrad.
Lengdegrad, vinkel v
Ekvator var eit naturleg nullpunkt for vinkel , men vi har ikkje eit tilsvarande naturleg nullpunkt for vinkel . I 1884 vart det internasjonal einigheit om at -aksen i koordinatsystemet skulle leggast slik at Greenwich i London vart liggande i -planet.
Alle stader på kloden som ligg på ein halvsirkel gjennom Sørpolen, Greenwich og Nordpolen, har då vinkel . Denne sirkelen kallar vi for nullmeridianen, og stader på nullmeridianen seier vi har lengdegrad null. Stader aust for nullmeridianen har lengdegrad frå null til 180 gradar, og stader vest for nullmeridianen har lengdegrad frå null til minus 180 gradar.
Avstanden mellom stader på kloden
Bogelengde
Vi kan bruke parameterframstillinga til å finne avstanden i luftlinje mellom til dømes Kirkenes og Bergen.
b) Kva meiner vi eigentleg med "avstand i luftlinje" mellom to stader og på jordoverflata? Sjå figuren.
Løysing
Med avstand i luftlinje meiner vi den kortaste avstanden mellom to stader langs jordoverflata. Den kortaste avstanden mellom og blir derfor ein sirkelboge.
c) Kirkenes ligg på breiddegrad 69,73° og lengdegrad 30,05°, og Bergen ligg på breiddegrad 60,39° og lengdegrad 5,32°.
Rekn ut posisjonane til Kirkenes og Bergen.
Løysing
Vi bruker parameterframstillinga i a) og reknar i CAS.
d) Rekn ut avstanden i luftlinje mellom Kirkenes og Bergen.
der er bogelengda som spenner over vinkelen i ein sirkel med radius .
Vi ønsker dermed å finne . Det kan vi gjere ved å bruke GeoGebra til å finne vinkelen mellom Kirkenes og Bergen med origo som toppunkt.
Utrekninga viser at avstanden i luftlinje mellom Bergen og Kirkenes er 1 543 km.
Nedanfor har vi teikna jordkloden (parameterframstillinga ) med punkta (Bergen) og (Kirkenes) og sirkelbogen mellom dei. (NB: Det er ikkje ein del av oppgåva.)