Avstand og vinkel mellom to linjer i rommet
Avstanden mellom to linjer i rommet
Definisjon
Med avstanden mellom to linjer i rommet meiner vi alltid den kortaste avstanden vi kan finne mellom linjene.
Tenk over
Vil to ikkje-parallelle linjer i rommet automatisk skjere kvarandre slik som ikkje-parallelle linjer i planet?
På den interaktive figuren nedanfor har vi teikna to ikkje-parallelle linjer og som ikkje skjer kvarandre. Vi har òg teikna eit punkt på og eit punkt på som er slik at den rette linja mellom punkta står normalt både på og . Du kan dra i figuren for å rotere koordinatsystemet.
Tenk over
Kan du forklare kvifor linjestykket er den kortaste avstanden mellom dei to linjene?
Framgangsmåte
Vi bruker vektorrekning til å finne denne avstanden. Framgangsmåten for å finne den kortaste avstanden mellom to linjer i rommet er slik:
- Vi lar vere eit vilkårleg punkt på og eit vilkårleg punkt på .
- Vi set opp eit generelt uttrykk for .
- Vi bruker at står vinkelrett på retningsvektorane
for både og . - Vi finn .
Døme
Vi skal finne avstanden mellom to linjer i rommet gitt ved
Vi viser framgangsmåten med og utan bruk av CAS.
Linja har retningsvektor , og linja har retningsvektoren .
Vi får at er eit vilkårleg punkt på , og er eit vilkårleg punkt på .
Framgangsmåte utan hjelpemiddel
Vi finn først .
Så krev vi at står normalt på , som betyr at . Det gir oss éi likning med og :
Så krev vi at står normalt på , som betyr at . Det gir oss ei ny likning med og :
Vi får to likningar med to ukjende. Vi løyser likningssettet og finn dei verdiane for og som er slik at og . Vi vel å ta utgangspunkt i den første likninga.
Så set vi dette inn i den andre likninga.
Vi set desse verdiane inn i utrykket for for å finne koordinatane til den vektoren som står normalt på retningsvektorane til dei to linjene.
Til slutt finn vi lengda av .
Avstanden mellom dei to linjene er .
Framgangsmåte med CAS i GeoGebra
Legg merke til at i linje 7 gjer vi to operasjonar i éin kommando: Vi set både inn parameterverdiane i vektorfunksjonen PQ og finn lengda av vektoren som blir resultatet av innsetjinga. Vi får det same svaret som vi fekk utan hjelpemiddel.
Tenk over
Linjene og har ulik parameter, og . Kva inneber det om linjene har den same parameteren?
I praktiske døme står parameteren ofte for tida. Til dømes kan det vere to fly som følger kvar sin bane gitt ved kvar si parameterframstilling. Når vi skal undersøke kor nær kvarandre flya kjem, held det ikkje å finne ut kor nære banane er på det næraste sidan det skal noko til at flya er i desse punkta samtidig. Dette ser vi nærare på under "Fart og akselerasjon".
Vinkelen mellom to linjer i rommet
Sidan alle retningsvektorar til ei linje er parallelle med linja, kan vi bruke vinkelen mellom retningsvektorane til dei to linjene for å finne vinkelen mellom linjene. Vi bruker derfor skalarproduktet mellom retningsvektorane til å finne vinkelen mellom linjene.
Døme
Vi skal finne vinkelen mellom to linjer i rommet gitt ved
Retningsvektorar for dei to linjene er
for
for
Framgangsmåte utan hjelpemiddel
Først kallar vi vinkelen mellom dei to retningsvektorane for . Skalarproduktet mellom vektorane gir oss
Sidan vi definerer vinkelen mellom to vektorar som den minste av dei to moglege vinklane, får vi at .
Tenk over
Har vi funne vinkelen mellom linjene no? Kva skjer dersom vi vel ein retningsvektor for som går motsett veg? Studer figuren.
Vi definerer at vinkelen mellom to linjer er den minste vinkelen vi kan få mellom to retningsvektorar for linjene. Sidan i dømet vårt, blir vinkelen . Vinkelen mellom linje og linje er derfor
Tenk over
Når er det vi finn vinkelen mellom linjene som og ikkje som ?
Framgangsmåte med CAS
Med CAS finn vi vinkelen enklast med kommandoen "Vinkel".
Tenk over
Må vi skrive inn linjene med ulike parametrar her?
Nedanfor har vi formulert definisjonen på vinkelen mellom to linjer meir matematisk.
Matematisk definisjon
La vere vinkelen mellom retningsvektorane til to linjer, og .
Vi definerer vinkelen mellom linjene og slik at
viss
og
viss
Video om avstanden mellom to linjer i rommet
Legg merke til at det er gjort ein liten reknefeil cirka 17 minutt ut i videoen, men reknefeilen har inga betydning for svaret.