Å jobbe som marknadssjef
Utvikle marknadsstrategi
Ein marknadssjef er ein leiar som har marknadsføring som ansvarsområdet sitt. Denne stillinga inngår som oftast i leiargruppa for verksemda. Men marknadsføringsarbeidet er organisert ulikt alt etter storleik og type verksemd.
Kva posisjon verksemda skal ha om fem år, og korleis dei skal komme dit, blir beskrive i marknadsstrategien for verksemda. Marknadssjefen leier arbeidet med å utvikle marknadsstrategien, noko som krev både strategisk tenking, analytiske ferdigheiter og kreativitet. Sidan marknadsstrategien består av mange strategiske avgjerder, og ofte har store økonomiske budsjett, må marknadsstrategien vedtakast i leiargruppa.
Marknadsstrategien skal auke synlegheita til selskapet, tiltrekke nye kundar og behalde eksisterande kundar. Dette inneber oppgåver og funksjonar som å
ta strategiske avgjerder for å velje målgrupper og vurdere korleis verksemda bruker og kombinerer konkurransemidla for å nå måla sine
utvikle strategiar knytte til konkurransemidla
produkt- og merkevarestrategi
distribusjonsstrategi
prisstrategi
kommunikasjonsstrategi
setje tydelege, målbare mål for marknadsføringsaktivitetar
For Kiwi er det viktig å forstå kva som er viktigast for kundane når dei skal velje butikk. For daglegvarer er pris, fokus på sunnheit og hyggeleg betening nokre viktige parametrar. Kiwi treng derfor innsikt i korleis dei skårar på desse parametrane og gjennomfører derfor jamlege målingar.
Kiwi bruker ein bevisst prisstrategi for å fremme sunne produkt, og meiner sjølv at dei på denne måten tek samfunnsansvar ved å bidra til eit forandra forbruk.
Implementere marknadsstrategien
Det er marknadssjefen som har hovudansvaret for å implementere marknadsstrategien. I større verksemder er marknadssjefen leiar for ei marknadsføringsavdeling som mellom anna kan bestå av innhaldsprodusentar og spesialistar på nettsider og søkeoptimalisering. Nokre verksemder bruker òg eksterne marknadsføringsbyrå i dette arbeidet.

Jacob Rolland, marknadssjefen i Kiwi, snakkar med marknadsføringsbyrået dei samarbeider med dagleg, i tillegg til at dei har faste vekevise møte. Han meiner det er ein fordel å bruke same byrå lenge, for då kjenner dei kvarandre godt.
Marknadsstrategien bør vere godt forankra i heile verksemda. Marknadssjefen må derfor sørge for god kommunikasjon mellom marknadsavdelinga og dei andre avdelingane. Dette kan gjerast gjennom interne møte, nyheitsbrev og andre kommunikasjonskanalar.
Marknadssjefen må òg vere god på kommunikasjon internt i marknadsavdelinga, så alle medarbeidarane i avdelinga til kvar tid er oppdaterte på kampanjar, nye produkt og eventuelle endringar i marknadsstrategien.
Å leie ei avdeling inneber òg å gi rettleiing og støtte til medarbeidarane i arbeidet deira. Marknadsføringsavdelinga har ansvaret for å gjennomføre marknadsaktivitetane i samsvar med marknadsstrategien. Det kan til dømes vere å spele inn reklamefilm.
I tillegg skal marknadssjefen forvalte marknadsføringsbudsjettet og sikre at avdelinga har nødvendige ressursar og ferdigheiter for å implementere marknadsstrategien.
For ei stor butikkjede som Kiwi er det òg viktig for marknadssjefen å ha kontakt med butikksjefane som skal gjennomføre ein del av marknadsføringsaktivitetane. Dette er aktivitetar som den sentrale marknadsføringsavdelinga har planlagt saman med marknadsføringsbyrået. Rolland snakkar derfor ofte med butikksjefane i dei ulike butikkane for å høyre korleis dei planlagde marknadsaktivitetane fungerer ut i butikk. Det kan til dømes vere kampanjar med sjokkseljarar.
Evaluere og justere marknadsstrategien
Måla i marknadsstrategien er gjerne brotne ned på halvår eller kvartal, og marknadssjefen er ansvarleg for å evaluere resultata av marknadsføringsaktivitetane kontinuerleg for å sikre at måla blir nådde. Marknadssjefen bør heile tida gjere justeringar ut frå spørsmål som desse:
Kvar er vi?
Kvar skal vi?
Korleis kjem vi oss dit?
I dette arbeidet er det òg viktig at marknadssjefen gjer etiske vurderingar av måten verksemda bruker konkurransemidla på. Nokre nyttige spørsmål å stille seg i denne samanhengen kan vere:
Følger vi lovene som regulerer bruken av konkurransemidla?
Er produksjonen etisk forsvarleg?
Følger vi etiske prinsipp i marknadskommunikasjonen vår?
Kan vi stå inne for dei marknadsstrategiske vala som er gjorde, eller bør vi gjere nokon justeringar?

I filmen kjem Rolland mellom anna inn på Kiwi sitt ansvar knytt til kva folk et. I denne samanhengen har prisen på sunnare produkt noko å seie for om forbrukarar vel sunnare alternativ kontra dei meir usunne alternativa i butikkhyllene. Rolland nemner at dei sjeldan har kampanjar på usunne produkt, men at enkelte slike kampanjar likevel kan vere aktuelle rundt til dømes juletider.
Ein annan viktig del av rolla til marknadssjefen er å ha eit analytisk blikk på dei marknadsstrategiske avgjerdene som er tekne i utviklinga av marknadsstrategien for å finne ut om avgjerdene har hatt ønskt effekt. Marknadssjefen må derfor, ved hjelp av effektmålingar, vurdere om marknadsføringstiltaket bidrog til å nå marknadsmålet, og om innsatsen i kroner og øre gir nok effekt til å forsvare pengebruken.
Kort sagt har marknadssjefen ei sentral rolle i å utvikle, implementere og justere marknadsstrategiar, sikre eit godt samarbeid på tvers av avdelingar, leie marknadsføringsavdelinga og vere ein viktig bidragsytar til veksten og utviklinga til verksemda.
Tenk over
Kva trur du er det mest utfordrande og mest givande med å jobbe som marknadssjef?
Kan du tenke deg å jobbe som marknadssjef ein gong i framtida? Kvifor / kvifor ikkje?