Marknadssjef for ein dag

Oppgåve
Les gjennom casane nedanfor.
Svar på spørsmåla knytte til dei ulike casane.
Kva er dei tre viktigaste tiltaka du ville ha gjort som marknadssjef i dei ulike casane?
Kvifor har dei ulike casane behov for ulike tiltak? Grunngi.
Case 1 – teknologiselskapet Innovatrax
Du er marknadssjef i Innovatrax, eit raskt veksande teknologiselskap som utviklar smarte heimeløysingar. Verksemda står overfor sterk konkurranse både frå etablerte verksemder og nyoppstarta. Teknologien utviklar seg raskt, og det er ei utfordring å halde seg oppdatert og tilby dei til kvar tid mest innovative løysingane. I tillegg er det avgjerande å bygge og halde oppe forbrukartillit, spesielt når det gjeld produkt som påverkar tryggleiken og komforten i heimen.
Med ein ny produktserie som skal lanserast om tre månader, må verksemda ta viktige strategiske val. Ta stilling til følgande:
Skal de satse på tradisjonelle marknadsføringskanalar som tv og aviser, eller skal de fokusere på digitale kanalar som sosiale medium og influensar-marknadsføring?
Korleis bør verksemda segmentere marknaden, og kva for målgrupper bør prioriterast i marknadsføringskampanjen?
Korleis vil du som marknadssjef fordele marknadsføringsbudsjettet mellom ulike kommunikasjonskanalar?
Case 2 – klesmerket Modenza
Som marknadssjef i Modenza, eit etablert klesmerke, står du overfor utfordringa med å tiltrekke ei yngre målgruppe utan å miste eksisterande kundar. Motebransjen er svært trendbasert, og det er viktig å føresjå og tilpasse seg raskt skiftande trendar. Samtidig er det eit aukande press på klesmerke om å vere berekraftige og miljøvennlege, noko som kan påverke både produksjonsmetodar og marknadsføringsstrategiar.
Verksemda må vurdere om ho skal gjennomføre ein rebranding for å appellere til den yngre målgruppa, eller eventuelt behalde den noverande merkevara og finne andre måtar å tiltrekke yngre kundar på. Ta stilling til følgande:
Skal verksemda lansere ein ny kleskolleksjon spesielt retta mot den yngre målgruppa, eller tilpasse eksisterande produkt?
Korleis vil du som marknadssjef engasjere og motivere dei tilsette til å støtte den nye marknadsstrategien?
Case 3 – miljøvennleg matvarekjede GreenGrocer
I rolla som marknadssjef i GreenGrocer, ei matvarekjede som fokuserer på berekraftige og økologiske produkt, møter du fleire utfordringar. Mange kundar er prisbevisste og kan vere motvillige til å betale meir for berekraftige produkt. Det er òg sterk konkurranse frå både store supermarknadskjeder og spesialiserte økologiske butikkar. Å sikre ei stabil og berekraftig leverandørkjede kan vere utfordrande.
For å auke marknadsdelen må du ta strategiske val. Ta stilling til følgande:
Skal verksemda senke prisane for å tiltrekke fleire kundar, eller skal det fokuserast på å kommunisere verdien av berekraftige produkt og behalde prisnivået?
Skal verksemda inngå samarbeid med lokale bønder og produsentar for å styrke merkevara, eller eventuelt fokusere på å utvide sortimentet med internasjonale økologiske produkt?
Korleis kan verksemda forme ut marknadsføringskampanjar som både tiltrekker nye kundar og beheld lojaliteten til eksisterande kundar?
Case 4 – sportsutstyrprodusenten ProGearFit
Som marknadssjef i ProGearFit, ei verksemd som produserer sportsutstyr og treningsklede, står du overfor utfordringa med å halde deg i forkant av den teknologiske utviklinga og integrere ho i produkta. Å bygge og halde oppe ei sterk merkevare i ein konkurranseprega bransje krev kontinuerleg innsats og innovasjon. I tillegg er det viktig å skape og halde oppe kundelojalitet i ein bransje med mange alternativ og raskt skiftande trendar.
Med ei ny linje høgteknologiske treningsklede som skal lanserast, må det vurderast om verksemda skal marknadsføre dei nye produkta som ein revolusjonerande innovasjon, eller om de vil bygge vidare på den tradisjonelle verdiane og kvaliteten på selskapet. Ta stilling til følgande:
Skal verksemda sponse profesjonelle idrettsutøvarar og sportsarrangement og/eller fokusere på å støtte lokale treningsgrupper og klubbar?
Korleis vil du som marknadssjef sikre at alle tilsette er godt informerte om og engasjerte i lanseringa av dei nye produkta?
Tips til lærar
Elevane jobbar først individuelt, og deretter diskuterer dei i grupper.
Oppgåva kan løysast skriftleg eller som ein munnleg presentasjon og/eller diskusjon.
Til slutt kan dei ulike løysingane til klassen diskuterast for å samanlikne strategiske val.