Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Podkast

Lytt og diskuter – marknadsføringsleiing

Her skal du lytte og jobbe med oppgåver til ein podkast om marknadsføringsleiing.

Oppgåve

Del 1: Før lytting

  • Bruk nokre få minutt på å notere ned spørsmål du har om temaet marknadsføringsleiing, og som du håper å få svar på i løpet av podkastepisoden.

  • Diskuter felles i klassen kva de forventar og håper på å lære av podkastepisoden.

Del 2: Aktiv lytting

Lytt til podkastepisoden nedanfor (lengde 19:32). Det kan lønne seg å setje han på pause innimellom, når du skal notere og svare på spørsmål.

  • Noter ned viktige punkt og sitat frå episoden.

  • Forklar kva Alf Inge Cleve-Stiansen meiner med

    • at han både er dagleg leiar og trenar

    • "krafta i personalet"

    • "krafta i leiing"

  • Gi att definisjonen hans av

    • leiing

    • marknadsstrategi

  • Korleis beskriv Cleve-Stiansen ulike leiarroller?

  • Gjer greie for kva Cleve-Stiansen meiner med

    • viktigheita av å innfri kundeløfte

    • utsegna: "Gjer ein skikkeleg god prosess internt, for då blir det ofte godt eksternt"

  • Korleis forklarer han marknadsføring som eit leiaransvar?

Podkast om marknadsføringsleiing

Leiarar som får til å motivere medarbeidarane sine og bygge sterke kulturar, lykkast oftare med å få medarbeidarar som er ambassadørar for ei verksemd. I denne podkasten høyrer du Knut Skeie Solberg i...

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Del 3: Etter lytting

  • Set dykk i grupper og diskuter notata dykkar frå episoden.

  • Kva meiner de er det viktigaste som blei sagt i podkasten? Grunngi.

  • Ha ein felles refleksjon og diskusjon i klassen om kva de fekk ut av å lytte til podkastepisoden.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.02.2026