Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fagomgrepsstafett

Spring, samle bokstavar og set saman fagomgrep. Klarer laget ditt å forklare dei først? Klar, ferdig, gå!

Gjennomføring av fagomgrepsstafett

  • De blir delte inn i lag.

  • Éin og éin frå kvart lag spring og hentar ein lapp med ein bokstav og spring tilbake til laget.

  • Når alle bokstavane er henta, samarbeider laget om å setje saman bokstavane til eit fagomgrep.

  • Når omgrepet er sett saman, skal de forklare det til læraren.

  • Når omgrepet er forklart, startar laget på ein ny runde med eit nytt fagomgrep.

Instruksjonar til lærar

  • Del elevane inn i lag med like mange deltakarar.

  • Vel relevante fagomgrep. Døme kan vere: internmarknadsføring, marknadsstrategi, leiing, verksemdskultur og så vidare.

  • Skriv kvar bokstav i fagomgrepa på separate ark/lappar. For omgrepet internmarknadsføring blir det til dømes 18 lappar, éin for kvar bokstav. Ordne tilsvarande lappar til alle laga.

  • Bland bokstavane til kvart enkelt fagomgrep, slik at dei ikkje er i rekkefølge. Hald dei blanda lappane for kvart fagomgrep samla, slik at dei ikkje blandar seg med andre fagomgrep og/eller lappar til dei andre laga.

  • Plasser bokstavane for eitt og eitt fagomgrep på eit område som er lett tilgjengeleg for elevane, men som krev at dei må springe for å hente dei.

  • Når du som lærar gir startsignalet, startar første elev på kvart lag å springe for å hente ein bokstav. Når eleven er tilbake, spring neste elev for å hente neste bokstav og så vidare.

  • Når alle bokstavane er henta, skal laget samarbeide om å setje saman bokstavane til det rette fagomgrepet. Laga bør få beskjed om å vere diskrete overfor dei andre laga, slik at fagomgrepsdiskusjonen ikkje kan høyrast mellom laga.

  • Når elevane på laget har sett saman fagomgrepet, skal dei gi teikn om at dei er klare og forklare betydninga av fagomgrepet for deg som lærar eller eventuelt ein lærar-medhjelpar. Vurder gjerne å ha éin eller fleire lærarmedhjelparar. På den måten slepp laga å vente på å forklare omgrep, med å få hjelp til å legge ut nye lappar og så vidare.

  • Gi poeng for korrekt samansette fagomgrep og gode forklaringar. Gi òg ekstra poeng for rask gjennomføring. Gi 0 til 5 poeng – alt etter kor godt du vurderer svaret og gjennomføringa til å vere. Skriv ned poenga. Du finn poengskjema, forslag til omgrep og omgrepsforklaringar nedanfor.

  • Når elevane på laget har forklart fagomgrepet, kan dei starte på ein ny runde med eit nytt fagomgrep. Kanskje de vil variere med å ta nokre rundar med hinking, hopping eller liknande.

  • Laga konkurrerer om å få flest mogleg poeng og å fullføre oppgåva på kortast mogleg tid. Vurder å ha ein liten premie til det laget som har samla flest poeng.

  • Omgrep og mal til fagomgrepsstafett

  • Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
    Sist oppdatert 27.02.2026