Oppgåve
Administrative funksjonar i praksisbedrifta
Administrasjon trengst i alle slags verksemder. Men dei administrative funksjonane og servicenivået kan vere ulike. Kva inneber dei administrative funksjonane i praksisverksemda di? Og kva kjenneteiknar god service?

Det har blitt færre papirdokument, men også digitale dokument må setjast i eit system
Oppgåve 1: administrative funksjonar
- Beskriv dei administrative funksjonane og rutinane i praksisbedrifta.

Det er stor variasjon i teknologisk utstyr mellom ulike verksemder.
Oppgåve 2: teknologi
- Beskriv kva slags teknologi som blir brukt i praksisbedrifta.
Oppgåve 3: service

- Kva er god service i praksisbedrifta di?
- Korleis kan du yte best mogleg service til alle kundane/brukarane/gjestane dykkar?
- Kva påverkar kvaliteten og servicenivået hos dykk?
Oppgåve 4: servicegrad
Dei aller fleste bedrifter gjennomfører jamleg undersøkingar av kundetilfredsheita og måler servicegrada. Beskriv korleis dette blir gjort i praksisbedrifta di, og forklar kvifor det er viktig.