Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kundeservice

Kva for administrative rutinar bør ei verksemd ha for å sikre god kvalitet og kundeservice via telefon, e-post og nett? I oppgåvene nedanfor skal de jobbe med instruksar og retningslinjer, og dessutan utforske kundeservice på nett.

Oppgåve 1: Kundeservice over telefon

Lag ein instruks for praksisbedrifta di

Lag ein instruks som fortel korleis de skal svare, og korleis de yter kundeservice over telefon på arbeidsplassen. Er du usikker, kan du spørje leiaren din.

I denne oppgåva skal du lage ein instruks til nytilsette om korleis dei skal behandle telefonar frå kundar og andre.

Gjennomføring

  • Lag ein instruks med minst fem punkt.
  • Les opp punkta dine for dei andre i klassen.
  • Diskuter. Er det nokon punkt fleire har? Og kva er ulikt?
  • Bruk punkta til klassen til å lage ein generell instruks som dekker kundeservice over telefon for dei fleste arbeidsplassar.

Oppgåve 2: Kommunikasjon på e-post

Å skrive ein privat e-post og å skrive ein forretning-e-post er to ulike ting. Det er viktig å kunne forskjellen. For å bli oppfatta som ein seriøs aktør i marknaden, er det viktig å vere seriøs i all kontakt med kundar, leverandørar og andre. Dette gjeld òg e-postkorrespondanse.

Jobb i par

Diskuter forskjellane på ein privat e-post og ein forretning-e-post.

  • Skriv ned dei viktigaste punkta de kjem fram til.
  • Lag ei liste over kva de ikkje kan gjere i forretning-e-postar.

I klassen

  • Samanfatt diskusjonane de hadde i para.

  • Skriv ei liste på tavla over dei viktigaste "do's and don'ts" i forretning-e-postar.

  • Etterpå skriv ein i klassen ein forretning-e-post med denne informasjonen og sender han til dei andre i klassen. E-posten skal vise korleis vi skriv ein forretning-e-post, og beskrive kva som skil han frå ein privat e-post.

Oppgåve 3: Kundemøte på nettsider

Stadig fleire kundemøte skjer på nettsida til bedriftene. Kva for slags møte ønsker du at kundane dine skal få med bedrifta di?

Del 1: Gå inn på nettsida til Tripadvisor

  1. Søk opp hotell i nærområdet ditt. Kva slags omtale har dei fått?
  2. Søk opp eit hotell du sjølv har budd på. Er du einig i omtalen hotellet har fått?
  3. Vurder kor viktig Tripadvisor er som "bedrifta sitt ansikt mot omverda".
  4. Kva trur du er viktig for å få god omtale?

Del 2: Kommunikasjon med kundar på Facebook

  1. Kvar i organisasjonen meiner du denne oppgåva bør ligge? Grunngi svaret.
  2. Korleis bør organisasjonen legge opp rutinane for at dette skal bli eit godt verktøy for dei?

Del 3: Kundefordelsprogram

  1. Forklar kva eit kundefordelsprogram er og gi døme på butikkar i nærmiljøet som har eit slikt tilbod til medlemmene sine.
  2. Innhent opplysningar om ei bedrift som tilbyr eit kundefordelsprogram. Lag ein presentasjon som tek for seg følgande:
    1. kort om bedrifta
    2. om kundefordelsprogrammet deira
    3. kva du synest er bra med kundefordelsprogrammet
    4. forslag til utvidingar eller forbetringar
Skrive av Tove Knutsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 07.08.2025