Oppgåve
Lag ein informasjonsplakat!
Mange butikkar har i dag overteke nokre av oppgåvene til Posten. Praksisbedrifta di har "Post i butikk", og du bruker mykje tid på å informere kundar om kva som kan og ikkje kan sendast i posten. Du ser deg nøydd til å lage ein plakat som informerer om dette – på ein måte folk forstår.

Post i butikk
Oppgåve i par
- Lag ein plakat som informerer om kva som er forbode innhald i postsendingar. Skriv med eigne ord, på ein høfleg og informativ måte.
Finn nøyaktig informasjon om kva som ikkje skal sendast per post på Posten sine nettsider, og skriv ned det som er mest aktuelt for kundane dykkar.
Bruk tid på å finne bilete som er relevante, og som framhevar bodskapen dykkar. Sjå gjerne på andre informasjonsplakatar for å få inspirasjon og idéar.
Bruk tid på å kladde og lage skisser. Då blir det enklare å sjå kvar de kan plassere bilete og tekst, og å sjekke om idéane dykkar fungerer.
Lag plakaten digitalt. Bruk eit passande program som du har tilgang til.