Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

I lære i service- og administrasjonsfaget

I filmen frå 2020 får du eit innblikk i Kevins arbeidsdag på tidlegare Oslo kemnerkontor, så no er ein del av Skatteetaten. Sjå filmen (lengde 06:18) før du svarer på oppgåvene.
Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve 1

Hos kemneren brukte dei programmet Websak til arkiv og journalføring. Gi døme på andre program som kan brukast til desse funksjonane.

Tips: Spør gjerne på din eigen praksisplass, eller søk på internett.

Oppgåve 2

  1. Kva meiner vi med servicegrad?
  2. Kva er rekna som service på praksisplassen din?
  3. Korleis måler dei servicegrada på praksisplassen din?

Oppgåve 3

På kemnerkontoret målte dei servicegrada etter kor lang tid innringjaren må vente på at nokon svarer på telefonen. Kva anna synest du vil vere ein viktig del av servicen når ein ringjer inn til ei bedrift?

Oppgåve 4

Trio er kommunikasjonsplattforma kemnerkontoret brukte. Her inngår sentralbordfunksjon, CRM-system og tilgjengelegheitssystem.

  1. Kva slags funksjonar bør eit sentralbord ha?
  2. Kva er eit CRM-system? Finn døme på andre CRM-system enn Trio.
  3. Kva meiner vi med tilgjengelegheitssystem?

Oppgåve 5

Kevin hadde mange arbeidsoppgåver på kemnerkontoret. I denne oppgåva skal du plassere orda under. Nokre er Kevins arbeidsoppgåver, nokre er ikkje.

Arbeidsoppgåver: kundeservice på telefon, tilgangskontroll, journalføring, personalarkiv, møtereferat, saksbehandling, ordrebehandling, booking, rekneskap, møtearrangement, innkjøp, lønsoppgåver, budsjett, posthandtering, resepsjon, arkivering, bruk av Microsoft Office, fakturering, møteinnkalling, informasjonsformidling, kalender, konflikthandtering.

Oppgåve 6

Bruk internett til å finn ut kva følgjande oppgåver inneber:

  1. tilgangskontroll
  2. journalføring
  3. konflikthandtering kundar
  4. informasjonsformidling

Oppgåve 7

Gå inn på nettsidene til opplæringskontoret, og finn ei verksemd som tek imot lærlingar innan service- og administrasjonsfaget. Vel ei verksemd du ønskjer å finne ut meir om – kanskje du kunne tenkje deg å søkje jobb der? Kva for nokre administrative rutinar trur du denne bedrifta har?

Tips: Finn organisasjonskartet for verksemda, talet på tilsette, kva avdelingar dei har, og utlyste stillingar.

Skrive av Tove Knutsen.
Sist oppdatert 07.08.2025