Ressursar i berggrunnen

Kva er mineralressursar?
Mineralressursar er naturressursar som finst i berggrunnen og har økonomisk verdi. Dette kan vere alt frå store blokker av stein og lausmassar frå knust fjell til mineral og metall i ulike bergartar. Slike ressursar er viktige både for utviklinga av moderne samfunn, fornybar energi og produkt vi bruker i kvardagen.
Ressursane i berggrunnen blir rekna som ikkje-fornybare, men mange av dei kan gjenbrukast eller gjenvinnast. For å kunne utnytte mineralressursane til nødvendige bruksområde treng vi kunnskap om kva berggrunnen inneheld, og korleis ressursane kan brukast på ein lønnsam og berekraftig måte.
Bruksområde
Frå berggrunnen får vi steinblokker, grus, mineral og metall som kan brukast til ulike formål. Mineralressursar blir brukte i til dømes elektronikk, medisinar, transportmiddel, bygging av vegar og produksjon av energi.
Tenk over
Kva produkt i kvardagen vår trur du er laga av ressursar frå berggrunnen?
Film: Frå steinalder til bergindustri på 1, 2, 3
Animasjonsvideoen (lengde 2:00) viser nokre døme på korleis vi utnyttar ressursar frå berggrunnen.
Mineralressursar i Noreg
Noreg har ein variert berggrunn med mange viktige ressursar som òg er etterspurde i andre land. Utvinning av mineral, metall og byggeråstoff har hatt mykje å seie for busetjing og næringsutvikling, spesielt i distrikta. Tidlegare var metalliske malmar det viktigaste for bergindustrien, men i dag speler òg byggeråstoff, industrimineral og naturstein ei stor rolle i økonomien.
Metalliske malmar
Metalliske malmar er mineral som inneheld mykje metall, og dei blir mellom anna brukte i elektronikk, transportmiddel og smykke. I Noreg blir det produsert jern, ilmenitt og litt nikkel.
Byggeråstoff
Byggeråstoff er mineralske råstoff som blir brukte i bygg- og anleggsarbeid. Sand, grus og pukk er særleg viktig i Noreg og blir mellom anna brukt til betong, vegbygging og glasproduksjon.
Industrimineral
Industrimineral er ikkje-metalliske mineral og bergartar som blir brukt i industrien på grunn av dei fysiske eller kjemiske eigenskapane sine. Dei blir brukte i produkt som papir, plast, keramikk, sement, måling og glas. I Noreg er kalkstein og olivin dei viktigaste industriminerala.
Naturstein
Naturstein er bergartar som kan sagast, spaltast eller hoggast og blir brukte i bygningar, uteområde og monument. I Noreg blir det teke ut mellom anna blokkstein og skiferheller frå ulike bergartar.
Visste du at?
Noreg selde mineral for 14,4 milliardar kroner i 2024 (Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard, 2025).
Framtidig behov og utfordringar
Menneske har alltid brukt mineral til å lage reiskapar og utvikle ny teknologi. Tilgang på nye råstoff har gjort det mogleg å skape meir avansert teknologi, som dagens samfunn er heilt avhengig av. Når befolkninga i verda veks og levestandarden aukar, blir òg behovet for ressursar større. Derfor blir det stadig viktigare å satse på berekraftig utvinning og bruk, mellom anna gjennom resirkulering av mineral i framtida.
Mineral og det grøne skiftet

Det grøne skiftet handlar mellom anna om å satse på meir fornybar energi, betre batteri, elektriske køyretøy og smart teknologi. For å få til dette trengst det mange ulike mineral og metall. Sjølv om vi i framtida må bli flinkare til å resirkulere, vil vi framleis ha behov for å hente ut store mengder råstoff frå bergartar og lausmassar.
Nokre mineral og metall er særleg viktige i denne overgangen. Dei blir brukte til å produsere miljøvennleg energi, transportløysingar og teknologi som reduserer forureining og ressursbruk. Desse kallar vi ofte grøne mineral. Døme er kopar, kvarts, grafitt, fosfat og olivin. Samtidig skaper utvinninga av slike ressursar utfordringar. Vi må redusere bruken av råvarer henta direkte frå naturen og sørge for at ressursane blir henta ut på ein måte som varetek miljøet, tek omsyn til sosiale forhold og er økonomisk berekraftig.
Arealkonfliktar og miljøproblem

Å hente ut mineral og metall frå berggrunnen kan òg ha negative konsekvensar for både menneske og natur. Uttaket skjer i steinbrot, grustak og gruver på land og kan føre til konfliktar mellom bergindustrien, lokalbefolkninga og miljøorganisasjonar når nye inngrep blir planlagde.
Sjølve utvinninga set tydelege spor i landskapet og kan gi varige sår i naturen. I tillegg kan drifta føre til forureining og store mengder med overskotsmassar som må lagrast (deponering). Slike deponi finst både på land, i innsjøar og i fjordar og skaper ofte ueinigheit og diskusjonar mellom ulike grupper.
Test deg sjølv
Relatert innhald
Nettside hos digitaltmuseum.no