Fagstoff

Buddhisme – skrifter og mytar

Publisert: 07.11.2018

Buddhismen har ikkje ei sentral heilag bok, men snarare lange tekstsamlingar som finst i mange versjonar. Desse inneheld blant anna forteljingar og mytar om Buddha. Mytar fortel historier som i seg sjølve ikkje treng å være sanne eller reelle, men som forklarer buddhistiske sanningar.

Lang hylle fylt med treplater. Foto.I Haeinsa-tempelet i Sør-Korea blir det oppbevart 81 258 trykkplater i tre, som utgjer ei koreansk utgåve av tekstsamlinga Tripitaka. 

Buddhistiske skrifter

I dei første hundreåra etter Buddhas død blei læra hans memorert og overført munnleg frå lærar til elev innan sangha’en. Ifølgje tradisjonen blei det etter kvart nødvendig å skrive ned Buddha sine ord for å sikre at læra ikkje skulle gå tapt eller bli korrumpert. Den komplette samlinga av Buddha sine ord blei skrive ned i løpet av det første hundreåret f.Kr. I theravadabuddhismen er tekstsamlinga tripitaka («dei tre korgene») den viktigaste, medan i mahayanabuddhismen er visdomssutraene («Prajnaparamita-sutraene») og andre sutraer meir sentrale.

Tripitaka – dei tre korgene

Tripitaka betyr «de tre korgene,» og viser til tekstsamlinga sine tre hovuddeler:

  1. Vinaya, reglane for munke- og nonnesamfunnet (sangha)
  2. Sutraene, Buddha sine talar og samtalar
  3. Abhidharma, filosofisk systematisering og kommentarar til læra

Alle tre hovuddelane inneheld fleire undergrupper, og til saman utgjer Tripitaka ei enorm mengde tekstar på over ti tusen av Buddha sine talar og samtalar.

Vinaya-tekstane er truleg blant dei eldste, og blir overhalde av alle buddhistiske retningar. Ein forskjell er talet på reglar som gjeld for munkar og nonner i høvesvis theravada- og mahayana-retningane: mellom 227 (i theravada) og 258 for menn, og 311 (i mahayana) og 366 for kvinner. Dei alvorlegaste forboda som fører til varig utvising frå sanghaen, er samleie, å stele gjenstandar av verdi, å drepe eit menneske, og å lyge om at ein har magiske evner ein eigentleg ikkje har.

Sutraene handlar om Buddha sitt liv og virke, og inkluderer òg ei rekkje forteljingar om Buddha sine tidlegare liv før han nådde opplysing. Sistnemnde blir kalla Jataka-forteljingane, og er svært populære blant buddhistar. Den klassiske og kjente Dhammapada-teksten, som hovudsakleg handlar om buddhistisk etikk, er også ein del av sutraene.

Abhidharma-tekstane er filosofiske kommentarar til Buddha si lære. I desse tekstane blir Buddha sine ord systematisert frå særleg sutraene om til ei heilskapleg røyndomsforståing. Alle sentrale buddhistiske omgrep blir definerte og forklarte i detalj. Denne delen av Tripitaka varierer mykje i dei ulike retningane.

Det finst altså mange ulike versjonar av tripitaka på ulike språk (pali, kinesisk, tibetansk), men den eldste komplette versjonen som fortsatt eksisterer i dag, er pali-versjonen som blir brukt av theravadabuddhistar i Sør-Asia. Denne versjonen kallar vi derfor også for Palikanon.

Mahayana-tekstane

Gammelt manuskript som viser en skikkelse med fire armer. Skrift på begge sider av bildet. Maleri.Ei side frå Prajnaparamita. Biletet viser bodhisattvaen Avalokitesvara. Indisk utgåve frå 1100-tallet.

Ein del tekstar som ikkje blir anerkjende av theravadabuddhismen som Buddha sine ord, står svært sentralt i mahayanabuddhismen. Blant dei mest kjende er Prajnaparamita-tekstane og Lotus-sutraen.

Prajnaparamita-sutraene («visdommens fullkommenskap») framhevar visdom som det høgaste målet. Tekstane legg vekt på sentrale trekk ved mahayanabuddhismen, slik som læra om tomheit, likskapen mellom nirvana og samsara, og bodhisattvaidealet om å hjelpe andre ut av samsara. Den lengste versjonen av desse tekstane består av 100 000 linjer, som gjorde det nødvendig å lage kortversjonar. Dei viktigaste kortversjonane eller samandraga blir kalla for Diamant-sutraen og Hjarte-sutraen.

Lotus-sutraen vektlegg at alle levande vesen er på veg mot oppvakning, og inneheld kanskje den første bruken av ordet mahayana. Teksten understrekar at variasjonen av vegar til nirvana i dei ulike retningane eigentleg er uttrykk for ei og same lære. I teksten blir dette kalla for upaya («dugleik i middel»), som betyr at presentasjonen av buddhismen si lære kan og burde tilpassast folk sitt nivå og evne til å forstå. Denne forma for buddhistisk tilpassa opplæring blir ein måte å forklare sjølvmotseiingar i læra, og gjorde det lettare å tilpasse mahayanabuddhismen til lokale forhold.

Populære buddhistiske mytar

Hovudmytane i buddhismen er knytt til Buddha sjølv, oppveksten hans og særleg overgangen til eit asketisk liv som munk og formidlar. I alle retningar i buddhismen er forteljingane om Buddha sitt liv og virke sentrale.

I mahayanabuddhismen er Buddha ein evig guddommeleg skapning, som har skapt eit skodespel for menneska. Hensikten med det er å undervise og hjelpe menneske ut frå kva dei har kapasitet til å forstå. I mahayana-retninga blir det òg fortald at Buddha var ein av ei uendeleg rekkje av buddhaer som sto fram for å hjelpe menneska til å nå målet om nirvana.

Ein populær myte handlar om mora til Siddharta Gautama, Maya. Maya drøymde at ein kvit elefant, som er eit symbol på reinheit og varigheit, besøkte henne og gjekk inn i den høgre sida hennar. Nokre lokale brahminar, heilage menn og draumetydarar, tolka draumen slik at dronninga kom til å føde ein stor mann. Brahminane fortalde mora at barnet skulle bli ein mektig konge. Men viss barnet blei kjent med menneskeleg liding og død, ville han bli ein heilag mann.

Ein annan myte handlar om at det var jordskjelv då Siddharta Gautama blei fødd, og at elvane stoppa å renne. I tillegg regna det blomar frå himmelen. Seinare buddhistiske mytar har det til felles at dei har innslag av tidlegare lokale religionar. Slik blei Buddha ofte framstilt som ein gud med overnaturlege trekk. Særleg innanfor mahayana-retninga finst det mange slike mytar.

Fagomgrep:

  • myte
  • Tripitaka
  • vinaya
  • sutra
  • abhidharma
  • sangha
  • Jataka-forteljingar
  • Dhammapada
  • Palikanon
  • Prajnaparamita-sutra
  • Lotus-sutraen
  • Hjarte-sutraen
  • Diamant-sutraen
  • upaya
  • brahmin