Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på forenkling!

Eit hovud kan vere ein runding med to prikkar, ein bil blir ein kasse med fire hjul, men skal du skisse opp situasjonar der det er rørsle eller kommunikasjon mellom menneske, er detaljar som viser retning og rørsle viktige.

Oppgåve 1

Første steg er å teikne flate forenklingar, altså objekt og motiv rett framanfrå, altså i normalperspektiv.

A. Gjer eit biletsøk på orda 'flaske' eller 'kopp'.

  • Plukk ut tre bilete og lag systematiske skisser av kvart av bileta.
  • I denne omgangen konsentrerer du deg om form og sentrale detaljar.

B. Gjer eit søk på 'bil'.

  • Plukk ut tre bilar og lag systematiske skisser av kvar av dei.

C. Gjer eit søk på 'løpar'.

  • Plukk ut to menneske som spring, og lag systematiske skisser av dei. Ver klar over at menneske er vanskelegare.

D. Lag skisser av to ulike landskap. Hugs å bestemme deg for utsnitt.

Oppgåve 2

Det neste steget er å prøve seg på forenkla former

  • i perspektiv
  • som har retning
  • som er i rørsle
  • frå ulike avstandar
  1. Teikn eit hovud frå mange ulike vinklar.
  2. Lag ei rekkje skisser av bilar frå ulike perspektiv ved hjelp av firkanta kassar, og set hjul på i etterkant. Ein lastebil treng ikkje vere meir komplisert enn den du ser på skissene under.
  3. Skiss opp eit gatekryss og plasser inn ulike køyretøy som passar til det perspektivet du har valt. Tenk boksar. Lag firkantar i rett perspektiv først, og så kan du gjere dei om til køyretøy etter kvart.
  4. Skisser eit menneske som ropar til eit anna menneske som er mykje lenger borte.
Skisseteknikker perspektivtegning. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Per Henning Olsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Komposisjon