Hopp til innhald

Fagstoff

Fiskereiskapar med nettpanel og notlin

Nett av ulike materialar og storleikar blir nytta i mange ulike fiskereiskapar. Netta består av trådar som er knytte eller vovne saman til masker. Netta i trål, snurrevad og ruser blir kalla nettpanel, medan notlin blir nytta i nøter og merdar.
Garn med fisk blir trekt opp av havet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maskevidde

Maskevidde er eit mål for storleiken på masker i netta og blir oppgitt i millimeter eller omfar.

Maskevidde i millimeter

Maskevidda i millimeter finn vi ved å måle lengda på ein stolpe medan garnet er vått. Dette tilsvarer avstanden mellom to knutar.

Maskevidde i omfar

Omfar er eit eldre omgrep som framleis blir nytta av utøvande fiskarar. Talet på omfar fortel kor mange stolpar som går på ei alen. Ei alen er 62,75 cm. Det vil seie at jo mindre omfar, jo større masker.

Omrekning frå omfar til millimeter

Eit torskegarn er på seks omfar. Det vil seie at det er seks stolpar på ei alen. Kvar stolpe blir då:

627,5 mm : 6 = 104,5 mm. Garnet har altså ei stolpelengde på 104,5 mm. Stolpelengde er lik maskevidde.

Somme gonger nyttar vi også omgrepet maskestorleik. Ein maskestorleik er det same som to stolpelengder. Dei ulike omgrepa blir mellom anna nytta i ulike lov- og regelverk.

Les meir om måling av garnmaske på nettsidene til fiskeridirektoratet.

Fiskegarn

Maskene i eit fiskegarn er tilpassa storleiken på det vi fiskar etter, og fisk i rett storleik blir sitjande fast i maskene. Fisk som er for små, sym gjennom, og fisk som er for store, set seg ikkje fast i maskene. Garn verkar etter snareprinsippet.

Trål

Maskene i ein trål varierer også etter kva vi fiskar etter. Trålposen blir dradd gjennom vatnet og fungerer etter sileprinsippet.

Nøter

Nøter blir nytta til å stengje fisk eller dyr inne slik at dei er i live når vi tek dei opp. Då må maskene vere ganske små slik at fisken ikkje set seg fast, men samtidig må vatnet kunne strøyme gjennom. Nøter blir nytta til fangst, slik som kilenota, der ho fungerer som ei felle. Men nøter blir også nytta til å stengje oppdrettsfisk inne i merdane på sjøanlegga.

Frå nett til fiskereiskap

Tråd av ulike tjukkelse. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

For at netta skal bli fiskereiskapar må dei monterast. I garn blir overtelne og undertelne nytta – tau som er sydde fast i overkant og underkant av panelstykket. Trål og snurrevad er posar av nettpanel som er forsterka med telner. I ruser og teiner er netta spente opp på rammer av tre eller plast. Du finn nærare skildring av dei enkelte reiskapane på eigne sider.

Tidlegare batt fiskaren garna sine sjølv av bomullstråd. I dag blir garn og nøter produserte på reiskapsfabrikkar, og fagoperatør i fiskereiskapsfaget er eit eige yrke.

Som fiskar må du kunne teknikken med å binde garn slik at du er i stand til å sy saman delar og reparere mindre skadar på garn og nøter.

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa