Hopp til innhald

Fagstoff

Premiefond

Her lærer du korleis forsikringsselskapa jamnar ut risikoen for skade og tap ved å samle premieinnbetalingar frå mange forsikringstakarar i eit premiefond.
Ein sirkel som syner årleg innbetaling og utbetaling til og frå eit premiefond. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsikringsselskap tek imot årlege forsikringspremiar frå mange forsikringstakarar. Innbetalingane samlar forsikringsselskapa i ulike premiefond.

Berre eit fåtal av dei som betaler forsikringspremie, opplever skade på eller tap av eigedelar eller helse. Desse får utbetalt ei erstatning frå premiefondet. På denne måten fordeler forsikringsselskapet risikoen for tap på mange forsikringstakarar.

Prinsippet er altså at mange betaler inn ein fast, årleg premie. Til saman blir dette ein stor sum. Forsikringsselskapa betaler ut storparten av dei innbetalte forsikringspremiane til dei som blir utsette for tap eller skade på eigedom eller helse. Ein mindre del av innbetalte premiane går med til å dekkje administrasjonskostnadene og fortenesta til forsikringsselskapet.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Forsikring