Hopp til innhald

Fagstoff

Normer for helse, miljø og sikkerheit

Helse, miljø og sikkerheit er viktig – både for den enkelte, for bedriftene og for samfunnet. På dette området stiller samfunnet strenge krav gjennom lovverket, og reglane er gitt i fleire lover.
Halvøy med anleggsområde for avfallsdeponi. foto.

Depot og avfallshandtering

Dei viktigaste reglane for arbeidstakarane si helse og sikkerheit finn vi i arbeidsmiljøloven. Denne lova har reglar om at arbeidsmiljøet skal leggjast til rette slik at arbeidstakarane ikkje blir påført fysisk eller psykisk skade.

Forureinar du i naturen vår?

Reglane for å verne det ytre miljøet og sikre forsvarleg avfallsbehandling finn vi i forureiningsloven. Grensene for kva vi oppfattar som akseptabelt på ulike område, endrar seg over tid. Mens det berre for nokre tiår sidan var fullt akseptabelt å deponere avfall på fyllingar og forureine naturen, er dette heilt uakseptabelt i dag. Her har myndigheitene vore pådrivarar og laga reglar om forbod mot slik deponering.

Slik er det på fleire område. Myndigheitene etablerer reglar for å sikre at vi opptrer ansvarleg når det gjeld helse, miljø og sikkerheit.

Forureiningslova har reglar for å førebyggje at vi skadar det ytre miljøet.

Lenkjer til lovdata.no

Arbeidsmiljøloven

Forurensningsloven

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Haldor Hove. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 12.12.2018

Læringsressursar

Yrkesetikk