Hopp til innhald

Fagstoff

Eg har ein god idè!

Du har fått ein god idé og føler plutseleg at du har ein gründer «i magen». Dette har du lyst til å gå vidare med, men kva er neste skritt?
Menneske som samarbeider om å skape idéar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du får ein idé til eit produkt du trur det kan vere behov for, må du undersøkje dette nærare. Luft ideen din for familie, venner og kjende, og lytt til tilbakemeldingane deira. Om alle tenkjer at dette er ein god idé, kan du gå vidare med han. Då bør du gjere marknadsundersøkingar for å finne ut om dette er eit produkt folk vil ha, og kor mykje dei kunne tenkje seg å betale for det.

Korleis gjer du marknadsundersøkingar?

Det er mange måtar å gjere undersøkingar i marknaden på. I sosiale medium, til dømes Facebook, kan du lage undersøkingar som det er lett å dele. SurveyMonkey er eit anna gratis digitalt verktøy du kan nytte. SurveyMonkey

Neste skritt er å analysere resultata av undersøkinga di (eller undersøkingane dine). Kanskje viser det seg at behovet ikkje var så stort som du trudde? Då har du to val: Du kan anten leggje bort ideen din, eller du kan utvikle han vidare og gjere nye undersøkingar. Om dette er draumen din og du verkeleg har tru på produktet ditt, bør du gjere det siste.

Relatert innhald

Gode marknadsundersøkingar gir bedrifta di ei retning. Det er krevjande å lage gode undersøkingar, men følg desse fem trinna, så er du på god veg.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 25.07.2023

Læringsressursar

Forretningsidé