Hopp til innhald

Fagstoff

Gründer?

Vi høyrer stadig at Noreg treng fleire gründerar. Kva er eigentleg ein gründer?
Steve Jobs viser fram ein iPod musikkspelar. I bakgrunnen er Apple-logoen synleg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein gründer?

Kort forklart kan vi seie at ein gründer er ein som ikkje berre ser moglegheiter, men som også gjer noko med dei. Ordet gründer kjem frå tysk og betyr «grunnleggjar». Vi bruker det om ein person som ser ei moglegheit i ein marknad, får ein idé som kan dekkje eit marknadsbehov, og etablerer ei verksemd for å dekkje dette behovet.

For å bli ein gründer må du ha klokkartru på ideen din og vere førebudd på at vegen frå ideen til det ferdige produktet som kan seljast til kundane, kan bli både lang og utfordrande. Tolmod er eit nøkkelord, men har du nok av det, saman med ein draum og ei sterk tru på produktet, kan du få til ei berekraftig verksemd.

Korleis oppstår ein forretningsidé?

Ein forretningsidé oppstår ofte når vi har behov for å løyse eit problem. Har du nokon gong irritert deg over noko, til dømes på vegen til og frå skulen? Med mopeden? Med treninga eller mobilen? Det som skil ein gründer frå ein «vanleg» person når slik irritasjon oppstår, er at gründeren ikkje berre foreslår ei løysing, men går vidare med løysingsforslaget og skaper eit produkt som anten løyser problemet, eller som gjer eit eksisterande produkt meir brukande og kanskje meir lettvint for brukarane.

Forretningsidear kan òg oppstå som resultat av brainstorming og tenketank-prosessar der målet er å finne innovasjonar til nye marknader. Tenk litt over kor mange ulike appar det finst på marknaden i dag. Ikkje alle appar løyser eit problem; dei kan vere til rein underhaldning eller gjere livet enklare for oss. Vipps, til dømes, blei lansert i 2015 «for å forenkle kvardagen til folk flest».

Karin Dolva står i eit klasserom og held fram ein kvit robot forma som ein byste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020

Læringsressursar

Forretningsidé