Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ny forretningsplan for lokalavisa

Dei aller fleste stader i Noreg har ei lokalavis. Ho har ganske sikkert endra form dei seinare åra, og papirutgåva har antakeleg fått følgje av ei nettavis. Har lokalavisa der de bur, eit forbetringspotensial? Kan de hjelpe til med å lage ein ny og berekraftig forretningsmodell for avisa?
Ein bunke med aviser frå ulike stader i Noreg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • plakat
  • post-it-lappar
  • tusjar

Oppgåve

  • Jobb i par.
  • Teikn Business Model Canvas på plakaten. Legg eigne føresetnader til grunn, og tenk ut ein berekraftig forretningsmodell for lokalavisa der de bur. Skriv på post-it-lappane kva byggjeklossane i forretningsmodellen skal bestå av, og fest dei på plakaten.
  • Prøv til dømes å svare på desse spørsmåla:

    • Kven er kundane, og kven kan vere nye kundar?
    • Kven kan avisa samarbeide med?
    • Korleis kan dei tene pengar?
    • Kva kostnader kan dei få?
  • Korleis kan avisa få ei berekraftig utvikling og ein berekraftig vekst i heile verdikjeda?

Refleksjon

  • Diskuter forslaga dykkar, og bli samde om ein forretningsmodell som er ny og berekraftig.
  • Kanskje vil de sende den nye modellen til avisa?
Skjema som viser forretningsmodellen Canvas. Skjemaet består av ni celler som representerer byggjeklossane i ei bedrift. Cellene har ulike høgder og breidder. Nedst er det to breie celler. I den til venstre står det «kostnadsstruktur», i den til høgre «inntektsstraum». Over dei deler skjemaet seg i fem smalare kolonnar. Kolonnen heilt til venstre, den i midten og den heilt til høgre strekkjer seg til toppen av skjemaet. Dei representerer høvesvis «samarbeidspartnarar», «verdiløfte» og «kundesegment». Dei to kolonnane mellom desse att er delte vertikalt på midten. I den til venstre står det «aktivitetar» i den øvste cella og «ressursar» i den nedste. I den til høgre står det «kunderelasjon» i den øvste cella og «kanalar» i den nedste. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020

Læringsressursar

Forretningsidé