Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Innovasjon og teknologi i arbeidslivet

Innovasjon, som betyr fornying, skjer i stor grad i arbeidslivet i dag. Noko av dette handlar om teknologi. Oppgåva er knytt til film om innovasjon og teknologi.

Oppgåve 1

Filmen viser eit døme på ny teknologi til bruk i fortrinnsvis helse- og omsorg.

  1. Etter at du har sett filmen, gi nokre døme på moglegheiter og nokre døme på utfordringar med den nye teknologien som blir presentert.
  2. I videoen blir brukt teknologi til å kople saman menneskelege ressursar med dei som treng hjelp. Kan det brukast på andre område enn i helse- og omsorgssektoren?
  3. Innovasjon Noreg snakkar om at ein del av arbeidet blir meir transparent, altså at alle ser kva du gjer og jobbar med. Kva betyr dette for arbeidet vårt? Er det noko positivt med ein slik situasjon? Kva med negative sider ved dette?

Oppgåve 2

  1. Innovasjon betyr fornying. Korleis kan ein fornye seg i arbeidslivet og i bedrifter for å få betre kommunikasjon og meir effektivt arbeid? Noter ned nokre stikkord. Desse skal du bruke i diskusjon under oppgåve e).
  2. LO og NHO har gått saman om eit arbeid dei kallar Fellestiltak som skal bidra til det dei kallar medarbeidardriven innovasjon. Kva trur du det omgrepet betyr? Les meir på Fellestiltak.no.
  3. På Fellestiltak sine nettsider er det fleire historier frå bedrifter der medarbeidarane har bidrege til fornying. Finn eit døme du synst er spesielt bra. Kva gjer det til eit godt døme, meiner du?
  4. Les meir på sida om medarbeidardriven innovasjon på Fellestiltak si nettside. Finn ut kva effektar ein kan få av slik innovasjon.
  5. Diskuter i grupper om de kan komme opp med forslag til innovasjon som kan brukast på ulike arbeidsplassar.
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Forretningsidé