Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Gründerverksemd og berekraft

Lytt til podkasten om Sophie Wiik si spennande gründerreise, og jobb med oppgåvene til podkasten.
Portrett av gründer Sophie Wiik. Ho har langt, blondt hår med sideskil og blå auge. Ho smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Markedsføring og leiing". Ved sida av henne er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Gründerverksemd og berekraft

Sophie Wiik er grøn gründer, investor, foredragshaldar og matredder. I samtale med programleiar Sarah Natasha Melbye snakkar ho om gründerverksemd og berekraft.

0:00
-0:00

Oppgåver

  1. Kva legg Sophie Wiik gjennomgåande vekt på i gründerskapet sitt?

  2. Kva blir meint med "grøn innovasjon", og korleis blir dette definert i podkasten?

  3. Kva er, ifølgje Sophie Wiik, den største forretningsmoglegheita i verda?

  4. Kva råd har Sophie Wiik til andre grøne innovatørar?

  5. Korleis ville du ha formulert forretningsideen til Too Good to Go?

  6. Fjong er ei plattform for berekraftig mote. Kunne du tenkt deg å teste ut ei teneste som lèt deg abonnere på klede – kvifor, eller kvifor ikkje?

  7. Fyll ut med riktig ord: "I snitt heng kvart … klesplagg ubrukt i skåpet. Samanlikna med i 1995 kastar vi … prosent meir klede i dag."

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Forretningsidé