Hopp til innhald

Fagstoff

Forretningsmodell og utprøving av idéar

Mange nyetableringar går over ende etter kort tid. I slike tilfelle trefte ikkje produktet eller tenesta marknaden. Kanskje fungerte ikkje produktet eller tenesta som forventa, eller kundane var kanskje nokon andre enn ein hadde tenkt. I verste fall eksisterte dei ikkje i det heile tatt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange nye bedrifter blir etablerte basert på kva ein trur marknaden vil ha. Men slike spådommar kan få eit brutalt møte med verkelegheita, og pengane kan fort ta slutt.

Test ut idéen din

Kom deg ut og test idéen din på reelle kundar på eit tidleg tidspunkt! Det nyttar ikkje berre å anta kva kundane vil ha – du må faktisk undersøke om det du trur stemmer med verkelegheita. Dersom det viser seg at du tok feil, må du justere og forandre basert på det du finn ut.

Viss idéen din til dømes går ut på å tilby eit nytt treningskonsept, så oppsøk treningsstudio og snakk med dei som bruker tilbodet. Er idéen eit nytt opplevingstilbod, så snakk med folk som kan vere moglege kundar. Du kan òg oppsøke messer og andre stader der bransjefolk møtest.

Finn minimumsløysinga di

Bruk ein god mentor som kan gi deg innspel til korleis du kan finne fram til ei minimumsløysing du kan teste på verkelege kundar. Internett og sosiale medium gir òg mange mogelegheiter til å komme i kontakt med potensielle kundar og teste reaksjonar.

Dei første mobilprodusentane brukte ein trekloss for å illustrere kor liten ein mobiltelefon kunne bli. Sjå etter kva som kan vere treklossen "din". Diskuter med ein mentor kva du bør finne svar på, og korleis du kan formulere spørsmåla dine. Det er òg viktig å finne ut kva som skal til for å få stadfesta eller avkrefta ein hypotese om at produktet ditt vil treffe ein marknad. Det viktigaste her er å få ærlege tilbakemeldingar frå potensielle kundar – ikkje dei svara du helst vil ha. I tillegg er det sjølvsagt viktig at du justerer ut frå dei tilbakemeldingane du får.

Forretningsmodellen er aldri ferdig

Det er dette som er kjernen i moderne entreprenørskap: I staden for å kaste bort verdifull tid på å lage ein forretningsplan som antakeleg få eller ingen nokon gong kjem til å lese, må du gå ut – "out of the building" – og teste idéen din på verkelege kundar så tidleg som mogleg. Dette er ikkje noko du gjer éin gong for alle. Når du har funne ein forretningsmodell du trur du kan lykkast med, må du stadig vere på jakt etter mogelegheiter til å fornye og forbetre han. Viss ikkje vil bedrifta di neppe overleve på sikt.

Ein gammal mobiltelefon forma som ein boks med berehandtak. Det er ei antenne på han, og det står HotLine skrive på han. Svart/kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Dustin Home. (2022, 1. juli). Mobilt Ericsson Hotline. https://www.dustinhome.no/editorial/nyheter/archive/ericsson-hotline

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: Innovasjon Norge
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

Forretningsidé