Hopp til innhald

Fagstoff

Forretningsidear og gründerskap

Har du nokon gong fått ein idé som du tenker kunne blitt vidareutvikla som ein forretningsidé? Kva var ideen? Kanskje drøymer du om å gå vidare med idéen og bli ein gründer?
Person som held seg til hovudet og står framfor ein vegg med teikningar av ein hjerne med lyspærer og lyn rundt. Foto.

Korleis oppstår ein forretningsidé?

Ein forretningsidé oppstår ofte når vi har behov for å få løyst eit problem. Har du nokre gonger irritert deg over noko, til dømes på vegen til og frå skulen? Med mopeden? Med treninga eller mobilen?

Forretningsidéar kan òg oppstå som resultat av idémyldring og kreative prosessar, der målet er å finne innovasjonar til nye marknader. Tenk litt over kor mange ulike appar det finst på marknaden i dag. Ikkje alle appar løyser eit problem; dei kan vere til rein underhaldning eller gjere livet enklare for oss. Vipps, til dømes, blei lansert i 2015 for å forenkle kvardagen til folk flest.

Vi høyrer stadig at Noreg treng fleire gründerar. Kort forklart kan vi seie at ein gründer er ein som ikkje berre ser moglegheiter, men som òg gjer noko med dei. Ordet gründer kjem frå tysk og betyr "grunnleggar". Vi bruker omgrepet om ein person som ser ei moglegheit i ein marknad, som får ein idé som kan dekke eit marknadsbehov, og som etablerer ei verksemd for å dekke dette behovet.

Tenk over
Kan du nemne nokon kjende gründerar? Kva trur du er nokon viktige suksessfaktorar for å lykkast som gründer?

Teknologigründer Karen Dolva

Ei smilande kvinne står i eit klasserom og held ein kvit robot forma som ein byste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karen Dolva har vunne fleire innovasjonsprisar, både i Noreg og i Europa. Nedanfor kan du sjå eit intervju frå då ho gjesta Lindmo i 2019. I intervjuet fortel ho om gründerverksemda.

Bygge nettverk for å utvikle og realisere ein forretningsidé

Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, briller, kunst og diverse interiør. Tise-appen har òg tips til korleis du kan reparere, sy og halde ved like både ting og klede.

I videoen nedanfor fortel gründerane av Tise om kor viktig det er å bygge nettverk for å utvikle og realisere ein forretningsidé.

Podkast om gründerverksemd og berekraft

I podkasten nedanfor får vi høyre Sophie Wiik si gründerreise med Too Good to Go, ein marknadsplass for overskotsmat for å kjempe mot matsvinn.

Portrettbilete av ei smilande kvinne med langt, lyst hår. Foto.

Sophie Wiik er oppteken av å jobbe for at berekraftig livsstil skal vere lett tilgjengeleg for alle. Ho brenn for miljø, gjenbruk og redusert forbruk, og ho er svært oppteken av å vise korleis berekraft og økonomi går hand i hand ved hjelp av .

Sophie Wiik var med på å starte Too Good to Go i København i 2015, som no er den største nettbaserte marknadsplassen i verda for overskotsmat. Vidare er ho grunnleggaren av den storstilte redningsaksjonen for norsk restemat, Too Good to Go Noreg AS, som blei starta opp i januar 2016. Wiik eigde og leidde Too Good to Go Noreg AS fram til ho selde seg ut i mars 2019. Ho er framleis aksjonær i Too Good to Go Aps, som er basert i Danmark.

Wiik er òg investor og styremedlem i FJONG, ei plattform for berekraftig mote, i tillegg til å vere involvert i fleire andre grøne prosjekt.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Markedsføring og leiing". Ved sida av henne er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Gründerverksemd og berekraft

Sophie Wiik er grøn gründer, investor, foredragshaldar og matredder. I samtale med programleiar Sarah Natasha Melbye snakkar ho om gründerverksemd og berekraft.

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2023

Læringsressursar

Forretningsidé