Hopp til innhald

Fagstoff

Frå idé til bedrift med utviklingsverktøyet Canvas

Business Model Canvas er eit utviklingsverktøy som hjelper gründerar i prosessen frå idé til ferdig utvikla og testa forretningsmodell. Canvas gir deg oversikt over alle prosessar og ressursar selskapet ditt må handtere for å tene pengar.
Skjema som viser forretningsmodellen Canvas. Skjemaet består av ni celler som representerer byggeklossane i ei bedrift. Cellene har ulike høgder og breidder. Nedst er det to breie celler. I den til venstre står det "kostnadsstruktur", i den til høgre "inntektsstraum". Over dei deler skjemaet seg i fem smalare kolonnar. Kolonnen heilt til venstre, den i midten og den heilt til høgre strekker seg til toppen av skjemaet. Dei representerer høvesvis "samarbeidspartnarar", "verdiløfte" og "kundesegment". Dei to kolonnane mellom desse att er delte vertikalt på midten. I den til venstre står det "aktivitetar" i den øvste cella og "ressursar" i den nedste. I den til høgre står det "kunderelasjon" i den øvste cella og "kanalar" i den nedste. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er Business Model Canvas?

Business Model Canvas består av ni element, eller "byggeklossar", som til saman beskriv korleis ei bedrift må vere "skrudd saman" for å kunne produsere og levere eit produkt til eit bestemt kundesegment. Modellen hjelper deg å kartlegge verdiløftet til bedrifta di, ulike kundesegment, kanalar og kunderelasjonar, viktige samarbeidspartnarar, nøkkelaktivitetar og -ressursar, inntektsstraum og kostnadsstruktur.

Canvas er eit av fleire verktøy du kan bruke i prosessen frå idé og fram til ein ferdig utvikla forretningsmodell. Som utviklingsverktøy i denne prosessen er Canvas enkelt og intuitivt. Poenget med Canvas er at det gjer det lett å visualisere korleis ting heng saman. Du kan enkelt sjå kva konsekvensar ei endring i éin av byggjeklossane får for andre delar av verksemda.

Slik bruker du Canvas

Lag ein stor plakat der du teiknar opp skjemaet med dei ni byggeklossane, og jobb med post-it-lappar i byrjinga. På lappane beskriv du kva byggeklossane skal bestå av i bedrifta di. Denne måten å jobbe på gir deg god oversikt og gjer det enkelt å endre på ting undervegs.

Kva du skal beskrive under kvar byggekloss

1. Verdiløfte

Her beskriv du kva slags verdi du skal gi til kundane dine, kva problem du skal løyse, og kva kundebehov du tilfredsstiller. Hugs at kundane kjøper nytteverdien av eit produkt. Til dømes kjøper vi ein sjampo for å få reint hår. Helst skal håret òg skine, lukte godt og bli beskytta. Dette er tilleggsverdiar du kan beskrive for å få kunden til å velje nettopp ditt produkt.

2. Kundesegmentet / Målgruppe

Her skal du beskrive kven du skaper verdi for, og kven som er dei viktigaste kundane dine.

3. Kanalar

Her beskriv du korleis produktet ditt skal nå ut til kundane, til dømes frå ein nettbutikk, via eit mellomledd eller direkte frå butikk.

4. Kunderelasjon

Her skal du beskrive korleis du skal skaffe kundar, og korleis du skal få bedrifta til å vekse. Det kan til dømes vere gjennom reklame på internett, kanalar i sosiale medium, ei nettside eller vareprat.

5. Nøkkelressursar

Beskriv dei viktigaste ressursane du treng for å lykkast i oppstartsfasen, til dømes pengar, patent, fysisk utstyr som PC-ar og skrivarar, og menneskelege ressursar.

6. Samarbeidspartnarar

Beskriv kven du skal samarbeide med for å få det til, til dømes medarbeidarar, leverandørar, Innovasjon Noreg, Etablerarsenteret og eventuelle partnarar.

7. Inntektsstraum

Her skal du beskrive kva inntekter du forventar – over lengre tid. Det kan til dømes vere inntekter frå abonnement og sal.

8. Kostnadsstruktur

Her beskriv du kvar kostnadene dine kjem frå. Ta òg med kva det vil koste til dømes å auke produksjonen. Det er viktig å sjå dette elementet i samanheng med inntektsstraumen, slik at kostnadene ikkje overstig inntektene.

9. Nøkkelaktivitetar

Her skal du beskrive dei aktivitetane som er heilt nødvendige for at du skal kunne produsere og selje produktet ditt. Du skal berre ta med dei aktivitetane som skal skje internt i bedrifta, og som du kontrollerer. Eit døme kan vere utvikling av spel, programvare eller design som du er ansvarleg for sjølv. Dette elementet må du òg sjå i samanheng med inntektsstraum og kostnadsstruktur. Kva kostar nøkkelaktivitetane, og har du kapasitet til å utføre dei sjølv og samtidig oppnå den kvaliteten du ønsker?

Canvas gir rom for å prøve og feile

Bruk Canvas til å tenke alternativt. Den første idéen ein har, er jo ikkje alltid den beste. Med eit enkelt verktøy som Canvas kan du skissere mange alternativ. Og til sjuande og sist må jo alt testast. Det mest krevjande er ofte å finne ut kva som bør testast først, korleis ein skal teste, og korleis ein skal dokumentere kva som fungerer (og kva som ikkje fungerer).

Forretningsmodellen din skal fungere både som dokumentasjon og vere ein dynamisk plan som du justerer i takt med at du skaffar deg ny kunnskap. Vurder, revider og oppdater forretningsmodellen etter kvart som du lærer.

Når du skal kommunisere ideane dine

I ein tidleg fase vil dei aller fleste idéar vere meir eller mindre usikre. Det vil seie at dei ikkje er testa, til dømes på betalande kundar. Derfor er det så smart å byrje med å skissere ein forretningsmodell – gjerne fleire variantar. I starten er dette meir nyttig enn å bruke lang tid på å skrive ein detaljert forretningsplan.

Du treng òg nokon å drøfte idéane dine og forretningsmodellen din med. Her kan du til dømes få hjelp frå medarbeidarane dine, Etablerarsenteret eller Innovasjon Noreg.

Dersom du undervegs finn ut at du vil satse på eit anna kundesegment enn det du opphavleg planla, vil det kunne ha konsekvensar for kvar og korleis du kjem i kontakt med kundane, og kva samarbeidspartnarar du treng. Det er vanskeleg å starte ei ny bedrift heilt åleine. Du treng dyktige folk på laget. All erfaring viser at gründerar som har eit godt team rundt seg, har større sjanse for å lykkast.


Korleis skaffar du pengar?

Det er umogleg å starte ei ny verksemd utan pengar. Men korleis skaffar du kapital? Har behovet for meir pengar allereie meldt seg? Då må du truleg få hjelp av andre til å finansiere utviklinga av idéen din. Banken, potensielle investorar og offentlege støttespelarar vil ofte forlange at du har ein gjennomtenkt forretningsmodell før du kan få finansiering og anna støtte.


Det finst mange slags forretningsmodellar

Ikkje alle verksemder får inntektene sine frå dei som bruker produktet eller tenestene deira. Facebook, til dømes, har ein heilt annan måte å generere inntekter på i forretningsmodellen sin. I staden for å ta betalt frå sluttbrukarane, til dømes i form av ei abonnementsavgift, tener Facebook pengane sine på å selje reklame og informasjon.

I denne forretningsmodellen blir ikkje brukarane eit kundesegment, men ein nøkkelressurs. Dermed blir det svært viktig for Facebook å halde ved like og vidareutvikle nettstaden, slik at nøkkelressursen, brukarane, stadig opplever nettstaden som relevant. For det er jo mengda brukarar som avgjer kor attraktiv Facebook er for annonsørane.

CC BY-SARettshavar: Innovasjon Norge
Sist fagleg oppdatert 22.05.2020

Læringsressursar

Forretningsidé