Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Marknadsføring i praksisbedrifta

Marknadsføring er ein stor del av kvardagen til alle bedrifter. Som servicemedarbeidar i praksisbedrifta di er du òg ein del av marknadsføringa til bedrifta, både internt og eksternt.
Ein medarbeidar i ein sportsbutikk hjelper ein kunde med å finne slalåmsko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – forretningsidé

  • Fortel om forretningsideen til praksisbedrifta di.
  • Fortel om konkurrentane til bedrifta.
Tips

Prøv å finne svar på desse spørsmåla:

  • Kva skal eg selje?
  • Kva behov hos kundane skal eg dekkje?
  • Kven skal eg selje til?

Oppgåve 2 – målgruppe

  • Kven er målgruppa til bedrifta?
  • Korleis segmenterer praksisbedrifta di marknaden?
Diplom-is segmenterer marknaden sin i fire: Boksis av merket Dream marknadsfører dei til kvardagskos heime. Dette er illustrert med eit foto av to skåler med is på kjøkkenbenken. Småis marknadsfører dei til å nyte på stranda, på 17. mai og i bursdagar. Dette er illustrert med eit foto av ei lita jente som held ein kjeksis i handa og har is rundt munnen. Iskaker marknadsfører dei til å servere i middagsselskap for den eldre generasjonen. Dette er illustrert med eit foto av ei iskake. Boksis av merket Royal marknadsfører dei som gourmetis for matinteresserte. Dette er illustrert med eit foto av ein is som er pent dandert med bær og friske urter. Illustrasjon og fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3 – konkurransemidla

  • Kva for konkurransemiddel bruker bedrifta, både internt og eksternt, for å nå målgruppa?
  • Korleis bruker bedrifta dei ulike konkurransemidla?
  • Kva gjer bedrifta for å få lojale kundar?
  • Kva for digitale medium bruker bedrifta?
Tips
  • Finn ut om bedrifta gjer marknadsundersøkingar, korleis ho i så fall gjer dei, kven ho sender slike undersøkingar til, og kva ho bruker dei til.
  • Finn ut om bedrifta har kundekort eller andre lojalitetsprogram.
  • Finn ut korleis bedrifta jobbar med kundereisa og sosiale medium.
Ein haug med reklamebrosjyrar ligg på golvet, rett under brevsprekken i inngangsdøra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020

Læringsressursar

Forretningsidé