Hopp til innhald

Fagstoff

Respekt og avstand

Kor nær andre kan du kome? Alle har ei såkalla intimsone som vi må respektere. Den avstanden til andre menneske ein kjenner seg komfortabel med, varierer frå person til person.


Mann og kvinne står nær inntil kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å halde avstand

Avstanden du held til andre, er avgjerande for å kunne etablere god kontakt. Kjem du for nær, kan du bli oppfatta som nærgåande og pågåande. Kva som er for nært, varierer. Vi har ulik intimsone.

Står du for nær intimsona til nokon, kan dei oppleve det som veldig ubehageleg. For å kunne vite kvar den enkelte har si intimsone, må vi kjenne han eller henne godt.

I vertskapsrolla får vi kanskje ei større erfaring med intimsona til andre menneske enn mange andre. Vi treffer og blir kjende med nye menneske kvar dag. Somme blir vi betre kjende med enn andre.

Kroppskontakt og klemmar

Det blir meir og meir vanleg å gi kvarandre klemmar. Sjølv om vi her i Noreg blir sette på som eit reservert folkeslag, så har det i dei siste åra blitt meir akseptert å klemme folk ein eigentleg ikkje kjenner så godt.

Vi skal likevel vere forsiktige og ha god menneskekjennskap før vi gir eit ukjent menneske ein klem. Mange er flinke til å bruke kroppsspråket sitt på ein slik måte at det ikkje finst rom for tvil.

Det er derfor viktig at vi lèt gjesten ta initiativet til kor nære vi kan vere. Somme er veldig impulsive og klemmer på både ukjende og kjende, medan andre klemmer aldri nokon andre enn den næraste familien.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Vertskapsrolla