Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsspråk og sosial kompetanse

Her skal vi sjå på korleis du kan øve opp eit positivt kroppsspråk og sosial kompetanse.
To kvinner handhelsar på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving gjer meister!

Du kan trene opp den sosiale kompetansen din og eit positivt kroppsspråk saman med venner eller familie. Du kan også trene framfor ein spegel før du møter gjestene. Tenk deg inn i ulike situasjonar som du kan møte, og førestell deg ulike typar gjester. Her får du nokre tips til kva du kan øve på.

Initiativ

Ver gjerne den første til å ta kontakt, og aller helst med eit smil. Du bryt isen, og du blir som regel møtt med eit smil tilbake.

Handhelsing

Gi eit fast handtrykk utan å overdrive. Slappe handtrykk gir eit dårleg førsteinntrykk og framstiller deg som rådvill og reservert.

Augekontakt

Sjå på den du helsar på. På denne måten signaliserer du interesse. Dersom du ser ned eller forbi gjesten, vil gjesten kanskje føle at ho eller han ikkje er viktig nok. Under ein samtale held du blikket retta mot personen du snakkar med, utan at det verkar påtrengjande. Det er ikkje meininga å stire gjesten i senk! Eit tips er å fokusere på munnen til vedkomande. Då er blikket ditt retta mot gjesten, men du unngår å sjå henne eller han rett i auga heile tida.

Stemme og tonefall

Vis gjennom ordbruk og tonefall at du er positiv til det gjesten har å seie. Unngå å bruke interne faguttrykk og slang.

Vis interesse!

Ofte kjem du i situasjonar der du blir ståande og prate med ein gjest som ikkje har så veldig mykje interessant å kome med. De er kanskje ikkje heilt på bølgjelengde verken når det gjeld kultur eller interesser. Det er derfor viktig at du likevel prøver å verke interessert. Gode spørsmålsstillarar og lyttarar får ofte høyre at dei er så lette å prate med – sjølv etter samtalar der dei knapt har sagt eit ord.

Etter kvart som du repeterer desse øvingane, vil du merke at det blir lettare å ha vere naturleg både i kroppsspråket, språkbruken og tonefallet.

Smil til verda, og verda smiler til deg!

Den personlege positive utstrålinga di smittar over på andre, og dette blir respektert og sett pris på.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Vertskapsrolla