Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere arrangør

Å gjennomføre eit arrangement krev nøye planlegging om det skal bli vellykka. Det kan vere eit selskap, ein festival, ei messe eller eit møte. Uansett kva du vil arrangere, er gode planar nøkkelen. Men korleis blir det gjort eigentleg?
Møblar og tekstilar i ulike farger stilte ut på ein messestand. Det er ein kreativt utforma stol, eit golvteppe, eit skap, ei tavle, ei vegghylle og stoffprøver som heng på eit stativ som er festa til veggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ulike fasane til eit arrangement

Eit arrangement består som oftast av fire delar:

  • idé
  • planlegging
  • gjennomføring
  • evaluering

Å ta ansvar for eit arrangement

Som servicemedarbeidar kan du fort bli spurd om å ta ansvaret for å arrangere møte, messer eller andre i samband med jobben din. Omgrepet event blir ofte brukt som ei fellesnemning for jobbrelaterte arrangement som er litt større enn eit vanleg møte.

Uansett kva det er, krev det førebuingar og mykje planlegging for å sikre eit godt gjennomført arrangement. Og det er mange ting å tenkje på, alt etter kor stort arrangementet eller eventen skal vere.

Dette må du tenkje på

  • overordna mål med arrangementet
  • konsept til program
  • underhaldning
  • leige av lokale
  • mat
  • overnatting
  • å ta gode miljøval med tanke på berekraft
  • transport

Kva vil du at gjestane skal oppleve, og korleis kan du sikre at dei går nøgde heim? Hemmelegheita ligg ofte i planlegginga av detaljane og "det vesle ekstra".

Utfordrande

Å planleggje ein event kan vere ei utfordring viss du ikkje heilt veit kvar du skal begynne. Kanskje har du erfaring med å planleggje ein og annan bursdagsfest, men det vil ikkje nødvendigvis seie at du enkelt kan planleggje møte, konferansar eller andre liknande eventar for bedrifta di. Det å planleggje ein event i næringslivet kan krevje mykje meir, og det kan stele tid frå dei arbeidsoppgåvene du eigentleg skal utføre.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor arrangere ein event?

Ein av hovudgrunnane til at ein har ein event, er det sosiale motivet. Arrangement i form av sommarfestar, julebord og jubileum blir ofte haldne for å gi noko tilbake til medarbeidarane. Likeins er det vel så mange arrangement som dreier seg rundt fagleg innhald, som til dømes konferansar eller foredrag. Mange ønskjer òg å bringe underhaldningsaspektet frå dei sosiale arrangementa inn i faglege konferansar og foredrag for å live opp ein lang dag i konferansesalen.

CC BY-SASkrive av Marte Røhne Oskarsen og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavar: ledernytt.no
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Vertskapsrolla