Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit arrangement!

Slepp fantasien laus og lag eit arrangement for ei gruppe, for klassen, for føresette, for trinnet eller for heile skulen!
Ei ung jente med raud parykk med musefletter, svart tørkle på hovudet, svart lapp over det eine auget og eit augeeple i munnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva får de bruk for det de til no har lært om å vere vertskap for eit arrangement.

Klasseoppgåve

Lag eit arrangement som er tilpassa moglegheitene og føresetnadene til klassen. Hugs å snakke med læraren og rektor om de ønskjer å gjennomføre arrangementet på skulen.

Tips og idear

  • ein innsamlingsaksjon – til dømes til ei god sak
  • Operasjon Dagsverk
  • innsamling til klassetur – arranger middag og underhaldning for føresette og venner (inngangsbillettar og sal av mat)
  • ei julemesse på skulen, der overskotet går til ei god sak
  • ein påskefrukost på skulen, der overskotet går til ei god sak
  • ei utflukt eller ein tur for klassen
  • eit karneval for Vg1-elevar

Det er mogleg å gå rundt til butikkar og bedrifter i nærområdet og spørje om bidrag i form av råvarer, premiar og anna.

Dette må de gjere:

  1. Bli samde om kva slags arrangement de skal ha, og for kven de skal ha det.
  2. Bli samde om dato, tid og stad.
  3. Bli samde om kven som skal ha ansvar for kva, til dømes:
    1. hovudansvarleg, leiar
    2. ansvarleg for booking av stad/rom/transport
    3. ansvarleg for å hente inn informasjon
    4. ansvarleg for underhaldning
    5. ansvarleg for invitasjonar og marknadsføring
    6. ansvarleg for oppfølging på sosiale medium
    7. ansvarleg for innsamling av råvarer/premiar
    8. ansvarleg for tilrigging/opprydding
    9. ansvarleg for rekneskap
    10. ansvarleg for arbeidsfordeling og timar
    11. ansvarleg for sikkerheit og beredskap
    12. berekraftsansvarleg
    13. ansvarleg for evaluering og oppfølging

Følg lista i "Slik planlegg du en vellykka event" i det vidare arbeidet, og bruk "Sjekklister og gjennomføring" når datoen for gjennomføring nærmar seg.

Lykke til, og ha det kjekt!


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Vertskapsrolla