Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere vertskap

Å vere vertskap vil seie at du tek imot og tek vare på gjestane, og sørgjer for at dei føler seg velkomne, ønskte og inkluderte. Det er di oppgåve å få gjestane til å reise fornøgde heim att.

Alle menneske set pris på å bli sett og tekne godt imot. Eit vennleg blikk og eit smil får oss til å føle oss velkomne. Augekontakt signaliserer interesse. Eit blikk – eller manglande blikk – fortel meir enn mange ord. Som gjest har ein ofte store forventningar, og som vertskap er det di oppgåve å sørgje for at gjesten blir fornøgd.

Kva er ein gjest, og kva er ein kunde?

Ein kunde kan òg vere ein gjest, men i hotell-, restaurant- og reiselivsbransjen omtaler ein som regel alle kundar som gjestar. Vi er kundar i ein butikk, og vi er gjestar på ein kafé, i ein restaurant eller eit hotell. Vi er òg gjestar når vi deltek på kurs og konferansar.

Kva er ein vert eller eit vertskap?

Ein vert eller eit vertskap er ein person eller personar som tek imot og passar på gjestane sine. Ordet vert høyrer saman med beverte, som betyr «å servere eit måltid». Som vert skal du sørgje for at alle gjester føler seg velkomne, at dei trivst, og at dei får mat, drikke og god service. At opphaldet, arrangementet, opplevinga eller aktiviteten svarer til forventningane til gjestene – og gjerne overgår dei!

Vi må sjå vertskapsrolla frå perspektivet til gjesten. Eit profesjonelt vertskap sørgjer for at alle har det triveleg, og utfordringa her er at gjestene har ulike forventningar. Gjester fortel venner og kjende korleis dei opplevde å vere gjest, og det gjer rolla som vertskap veldig viktig og utfordrande.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Vertskapsrolla