Oppgåve 1
Du er resepsjonist. Det kjem nye gjestar. Du veit at hotellet er overbooka, og at du må flytte dei til nabohotellet som har lågare standard.
- Korleis kan du rydde opp i denne situasjonen, slik at hotellet sitt omdømme ikkje blir skadelidande?
- Trass i forsøka dine på å rydde opp i situasjonen blir dei nye gjestane hissige. Kva gjer du?
Oppgåve 2
- Forklar hensikta med å bruke uniform.
- Finn døme på ulike uniformer i ulike reiselivsbedrifter. Kva skil dei ulike uniformene frå kvarandre, og kvifor trur du dei har valt den uniformen dei har i bedrifta?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.12.2018