Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjøp av pakkereise

Kva forpliktingar har ein turoperatør overfor kundane sine når operatøren sel pakkereiser? Føresegnene i pakkereiselova seier noko om kva rettar kundane har ved kjøp av pakkereiser. I denne oppgåva skal du gjere greie for pakkereiselova.
Foto av ei dame som står i lokala til eit reisebyrå og blar i ein katalog frå ein turoperatør.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tips til nettsider

Lovdata: lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiselova)

Artikkel, Forbrukarrådet: Pakkereise

Reisegarantifondet

Oppgåve 1

  1. Forklar kva som er meint med ei pakkereise.

  2. Når gjeld pakkereiselova?

  3. Set opp nokre viktige punkt om dei rettane kunden har etter pakkereiselova.

  4. Gjer greie for nokre av fordelane kunden får ved å bestille ei pakkereise framfor å bestille frå ulike aktørar og setje saman turen sjølv.

  5. Forklar kva Reisegarantifondet er.

Foto av folk på ski og snøbrett i ein slalåmbakke på ein fin dag med strålande sol.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

Tenk deg at du jobbar i eit reiseselskap. Ein kunde har kjøpt ei pakkereise der føremålet med reisa har falle bort. Kunden skulle på skiferie, men så har skianlegget blitt stengt på grunn av for lite snø.

  • Gjer greie for kva rettar kunden har, og korleis vi som reiseselskap bør handtere situasjonen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar