Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter ei klagesak

I denne oppgåva skal de finne døme på klagesaker og presentere ei av desse for klassa. Jobb gjerne i grupper på to–fire personar.
Foto av to personar som ligg på kvar si solseng og les i ei bok framfor eit basseng. Det er utsikt mot havet. Nokre badar i bassenget, ein DJ speler musikk, og det ser ut til å vere ein god atmosfære.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Det finst mange døme på klagesaker i samband med kjøp av varer og tenester. Utforsk ulike klagesaker, og vel ut éi klagesak.

Tips til nettsider der de kan finne aktuelle saker

Forbrukartilsynet

Artikkel, Norsk reiselivsforum: Dommer og avgjørelser

TV2 hjelper deg

Ulike nettaviser

  1. Vis til relevante lover, med aktuelle paragrafar, for klagesaka.

  2. Presenter klagesaka for resten av klassa, og diskuter saka.

Relatert innhald

Forbrukarkjøpslova gjeld ved forbrukarkjøp, som er sal av ei vare frå ein yrkesseljar til ein forbrukar som skal ha vara til personleg bruk.

Pakkereiselova gjeld for samansette reisearrangement og pakkereiser.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar