Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Informasjonskampanje for Forbrukerrådet

Kva rettar har vi som forbrukarar dersom ei vare blir øydelagd eller vi angrar på noko vi har kjøpt? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper og lage ein informasjonskampanje slik at fleire kan lære om forbrukarrettar.

Forbrukarrettar

Når vi kjøper varer og tenester, har både vi som forbrukarar og dei som sel oss varene og tenestene, rettar og plikter. I videoen ovanfor fekk vi ei forklaring av reklamasjon, garanti og angrerett. Videoen nedanfor forklarer kva reglar som gjeld når vi handlar på nett og i butikk.

Forbrukerrådet

Forbrukerrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som jobbar for forbrukarar. Dei har laga ei rekkje kjøpskontraktar, kan hjelpe i tvistesaker og gir tips og råd til forbrukarar.

Forbrukerrådet har mange gode ressursar på nettsidene sine. Dei skal no setje i gang ein kampanje som har som mål å informere forbrukarar om forbrukarrettar. Dei ønskjer at kampanjen skal bli sett av mange, slik at fleire blir klare over kva rettar dei har som gjeld reklamasjon og angrerett.

Oppgåver

  1. Forbrukarrettar skal vareta interessene til forbrukarane. Synest de at dei norske forbrukarrettane er gode?
    Kvifor / kvifor ikkje?

  2. Det er mange som ikkje klare over kva rettar dei har som forbrukarar. Kva tenkjer de ein kan gjere for at fleire skal bli betre kjende med forbrukarrettane sine?

  3. Lag ein informasjonskampanje: Tenk dykk at Forbrukerrådet gir dykk i oppdrag å lage ein informasjonskampanje om forbrukarrettar. Målet med kampanjen er at fleire skal lære om forbrukarrettar. De skal

    1. planleggje og utvikle innhald til ein informasjonskampanje ved å formulere ein tydeleg bodskap, vurdere verkemiddel, lage skisser og planleggje korleis de skal kommunisere bodskapen i ulike kommunikasjonskanalar

    2. skrive eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar

    3. presentere informasjonskampanjen dykkar for klassen

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar