Hopp til innhald

Fagstoff

Byterett og ope kjøp

Dei fleste butikkar har byterett som ein del av servicen sin. For at kundar skal få byte, er det som regel eit krav om at produktet er uopna og ubrukt. Somme butikkar har òg ope kjøp. Då kan kundane få pengane tilbake om dei returnerer vara innan ei viss tid.
Ein seljar snakkar med ein kunde ved kassa i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Byterett er ikkje ei sjølvfølgje

Byterett vil seie at kunden kan returnere ei vare mot å få ei anna tilbake. Det er ikkje eit vilkår at vara har manglar, for å få byte ho. Byteretten er ikkje regulert ved lov, men er ofte vanleg bransjepraksis eller noko som kan avtalast med seljaren. Byteretten gjeld som regel ikkje for undertøy eller andre hygieniske artiklar.

Kunden kan ikkje krevje å få pengane tilbake, men kan til dømes få ein tilgodelapp som kan brukast i butikken. Tilgodelappar er vanlegvis gyldige i inntil tre år om ikkje noko anna er avtalt.

Ope kjøp

Mange av dei store kjedene tilbyr svært gode angrerettsmoglegheiter, som til dømes IKEA:

Det er OK å ombestemme seg! For liten eller for stor? Hos oss har du åpent kjøp på ubrukte varer – selv om de har blitt montert. Ta dem med tilbake til oss, send dem i posten eller la oss hente dem hjemme hos deg. Når vi har mottatt varene, overfører vi kjøpsbeløpet minus eventuelle fraktkostnader rett inn på kontoen din. Egne vilkår gjelder for produkter som er bestilt på mål.

Andre stader får kundar moglegheit til å teste eit kjøpt produkt i ein periode før dei kan levere det tilbake og få pengane att. XXL gir til dømes kundane ope kjøp i 100 dagar:

Vi tilbyr 100 dagers åpent kjøp fra tidspunktet du mottar varene, og gratis retur og bytte.

Nokre tips til deg som seljar:

  • Retten til å byte kan du avtale med kunden ved kjøpet, eller den kan følgje av sedvane eller annan praksis i bransjen.

  • Be kunden om å ta vare på kvitteringa, eventuelt òg original emballasje.

  • Be kunden om å kome tilbake til butikken så snart som mogleg om vedkommande ønskjer å byte.

  • Informer om at produktet må vere ubrukt og utan skadar om kunden ønskjer å byte.

  • Som hovudregel må kunden byte produktet i den same butikken eller kjeden som det er kjøpt i.

  • Forbrukarkjøpslova gir byterett berre om ei vare er mangelfull.

  • Er det manglar ved vara, kan kunden òg krevje avslag i prisen, heving av kjøpet, erstatning, ny vare eller reparasjon av vara.


CC BY-SASkrive av Kjell Rosland, Hanne-Lisbet Løite og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar