Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klager og reklamasjonar

I arbeid med sal og reiseliv vil du garantert kome borti klager og reklamasjonar. I denne oppgåva skal du gjere greie for regelverket for klager og reklamasjonar.
Foto av ei sint dame som held eit kredittkort opp framfor seg mens ho snakkar i telefonen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Gjer kort greie for forbrukarkjøpslova. Utgreiinga di skal gi svar på

  • kva som er føremålet med lova

  • kven lova gjeld for, og når ho gjeld

  • kva som er meint med "eigenskapane til tingen" ("tingens egenskaper"), jf. § 15

  • kva det vil seie at lova er ufråvikeleg

Oppgåve 2

Forklar kva som er meint med reklamasjonsrett, jf. § 27. Bruk gjerne eit døme.

Oppgåve 3

Reklamasjonsrett er ikkje det same som garanti.

  1. Forklar kva som er meint med ein garanti, og korleis garanti skil seg frå reklamasjonsrett.

  2. Gi døme på ulike garantiordningar.

Oppgåve 4

Gjer greie for kva klagefristar som gjeld ved reklamasjon. Bruk gjerne døme.

Oppgåve 5

Tenk deg at du jobbar i ein butikk, og at ein kunde kjem inn og klagar på eit produkt. Kunden har oppdaga ein mangel ved produktet.

  1. Ifølgje forbrukarkjøpslova må kunden klage innan rimeleg tid. Kva inneber det?

  2. Kva skal til for at eit produkt har ein mangel, ifølgje § 16?

  3. Kva krav kan kunden stille ved ein mangel, jf. kap. 6 i lova?

Oppgåve 6

Som sals- eller reiselivsmedarbeidarar må vi rekne med at det kan kome nokre klager frå kundane/gjestane. Skriv ein tekst med overskrifta "Ti tips til korleis vi kan førebyggje og handtere klager".

Oppgåve 7

Drøft påstandane nedanfor sett frå bedrifta si side:

  • "Klager og reklamasjonar bøs vi alltid ta imot med takk, sidan det gir oss ei fin moglegheit til å få misfornøgde kundar til å bli fornøgde."

  • "Kunden har alltid rett."

  • "Alle butikkar bør tilby byterett."

  • "Alle butikkar bør tilby ope kjøp."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar