Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike former for garantiar

Mange produkt kjem med ulike garantiordningar. Men kva er eigentleg ein garanti?
Peikefinger som trykkjer på søkjeknappen ved eit søkjefelt der det står "kvalitet" på engelsk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein garanti er eit frivillig løfte frå seljaren til kunden som innanfor ein avgrensa periode garanterer kvaliteten, og nokre gonger prisen, til eit produkt. For at noko skal kunne kallast ein garanti, må det innehalde noko meir enn det kunden allereie har rett på etter forbrukarkjøpslova.

Ein garanti er ikkje lovpålagd, men når garantien er gitt, har seljaren forplikta seg etter § 18 a i forbrukarkjøpslova til å overhalde løftet. I forbrukarkjøpslova § 18 a står det følgjande om garanti:

En garanti er rettslig bindende for garantigiveren på de vilkår som er fastsatt i garantierklæringen og i tilknyttet reklame, og den begrenser ikke forbrukerens rettigheter etter loven her, jf. § 3 første ledd.

Bedrifter opererer med ulike former for garantiar. Viss garantiane skal verke etter føremålet sitt, må dei vere enkle å forstå for kundane og enkle å etterleve for leverandørane. Kva ein garanti i praksis kan bety for kundane, kan vi få svar på ved å sjå på nokre døme på ulike garantiordningar.

Døme på garantiordningar

Ein garanti kan til dømes lyde: "Om du er misfornøgd, får du pengane tilbake!" Denne enkle garantien er svært verknadsfull. Under følgjer døme på ulike garantiordningar hos eit utval bedrifter.

Hvalsafari AS

Arrangørane av kvalsafari på Andøya har lenge hatt ein "kvalgaranti". Garantien inneber at dei tilbyr turistane ein ny tur ut på havet neste dag om dei ikkje får auge på kval. Om turistane ikkje skulle få sjå kval på neste tur heller, får dei pengane tilbake. På nettsida "Hvalgaranti" (whalesafari.no) kan du lese meir om denne garantien.

Ruter AS

Kollektivselskapet Ruter har ein reisegaranti som gjeld all transport med linjene deira i Oslo og i delar av Viken. Reisegarantien seier at dersom du blir meir enn 20 minutt forseinka fordi dei ikkje er i rute, får du refundert inntil 550 kr i dokumenterte utlegg. På nettsida "Refusjon og reisegaranti" (ruter.no) kan du lese meir om garantiordninga og kriteria for ordninga.

IKEA

IKEA har ei rekkje garantiar. Dei tilbyr til dømes 25 års garanti på utvalde madrassar og andre sengekomponentar, 10 års garanti på baderomsprodukt og 10 års garanti på sofaer. På nettsida "Garantier på IKEA" (ikea.com) kan du lese meir om kva IKEA garanterer, og kva kriterium dei har.

XXL

Sportskjeda XXL tilbyr òg fleire garantiar til kundane sine. Dei lovar mellom anna

  • 30 dagars ekte prisløfte, som inneber at dei set ned prisen på ei vare dersom ein kunde oppdagar at prisen er lågare hos ein konkurrent

  • 100 prosent fornøgd-garanti, som betyr at kundane kan teste ei vare i 30 dagar og så byte ho dersom dei ikkje er heilt fornøgde

  • 100 dagars ope kjøp, som inneber at kundane får pengane tilbake om dei angrar på kjøpet innan 100 dagar

  • gratis sykkelservice i heile levetida til sykkelen ved kjøp av sykkel

Du kan lese meir om XXL sine garantiordningar og kriterium i artikkelen "Våre kundefordeler – for din trygghet" (xxl.no).

Meny

Daglegvarebutikken Meny opererer med ein garanti som seier at kundane skal bli 100 prosent fornøgde eller få pengane tilbake. Dei garanterer òg

  • den beste kvaliteten på varene

  • dei ferskaste råvarene

  • den beste prisen

  • det største utvalet

  • alltid punktleg levering ved bestilling

På heimesidene til Meny, under artikkelen "100 % fornøyd – eller pengene tilbake" (meny.no), kan du lese meir om garantiordningane og kriteria deira.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar