Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlagd forelding?

Forbrukarkjøpslova skal verne og gi rettar knytte til kjøp av varer og tenester til forbrukarar. Korleis kan det då ha seg at mange av produkta forbrukarar kjøper, er produserte etter prinsippet "planlagd forelding"? Då forkortar produsenten bevisst levetida til produkta. Er dette greitt?
Ei kvinne kikkar på mobiltelefonar i ei elektronikk-forretning. Ulike modellar av mobiltelefonar er utstilte på to store bord på kvar side av henne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Forbrukarkjøpslova skal verne og gi rettar knytte til kjøp av varer og tenester til forbrukarar. Tenk deg at ein kunde har kjøpt ein ny mobiltelefon hos ein elektronikkforhandlar, og etter kort tid oppdagar hen at batteriet i telefonen begynner å svikte.

  1. Kva er reklamasjonsfrist for mobiletelefonar?

  2. Gjer greie for kva rettar kunden har. Korleis er det mogleg å gå fram for å reklamere når kunden oppdagar at batteriet i telefonen begynner å svikte kort tid etter at kjøpet blei gjort?

  3. Diskuter med ein medelev:

  • Kor lenge bør vi kunne forvente at ein mobiltelefon skal verke?

  • Trur de at mobiltelefonar blir produserte ved at det bevisst blir bygd inn mekanismar og eigenskapar som gjer at dei får forkorta livsløp? Kva kan i så fall vere årsaker til det?

  • Det går føre seg ei kontinuerleg designmessig og teknologisk utvikling. Kor lang tid meiner de det tek før ein mobiltelefon kan kjennast utdatert for forbrukarar?

  • Har de sjølv hatt eit ønske om å byte ut ein eller fleire mobiltelefonar før dei har vore utslitne? Kvifor, i så fall?

Mobiltelefon, nettbrett og pc i stabel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

Fleire produkt blir produserte etter prinsippet "planlagd forelding", der produsenten bevisst forkortar levetida av produkt. Planlagd forelding" inneber å bevisst bygge inn svakheiter og bruke strategiar for utskifting av produkt tidlegare enn nødvendig, slik at dei blir erstatta av nye produkt.

Det blir sagt at lyspærene er blant dei første døma på planlagd forelding. Levetida til lyspærene blei forkorta på 1920–30-talet for å auke etterspørselen og få kontroll på lyspæremarknaden i verda. Dokumentarfilmen som er lenka til nedanfor, gir dykk meir innblikk i dette.

Dokumentarfilm om planlagd forelding

Det blir sagt at lyspærene var blant dei første døma på planlagd forelding. Levetida til lyspærene blei forkorta på 1920–30-talet for å auke etterspørselen og få kontroll på lyspæremarknaden i verda. På ein brannstasjon i USA har dei ei lyspære som har lyst i over 100 år.

Sjå korleis produsentar gjennom tidene har redusert levetida på produkt for å auke kjøpehastigheita i dokumentaren The Light Bulb Conspiracy (med den norske tittelen Garantert kort levetid). Lærarar kan laste ned filmen via AV Sentral.

  1. Drøft korleis problem som følge av kan løysast i åra framover.

  2. Drøft påstanden: "Alle produsentar bør slutte med å forkorte levetida til produkt igjennom planlagd forelding."

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 02.08.2023

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar