Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Angrerett

Kva har forbrukarar rett på dersom dei angrar på noko dei har kjøpt? I denne oppgåva skal du gjere greie for angreretten og reflektere over rettar og plikter etter angrerettlova og rettar og pliktar i samband med retur av klede frå nettbutikkar.
Ein person sit ved eit bord med ein PC framfor seg og kikkar på klede i ein nettbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Ved netthandel gjeld, som hovudregel, angreretten.

  1. Kva er meint med angrerett?

  2. For kva slags produkt gjeld angreretten ikkje?

  3. Kva krav stiller angrerettlova til nettbutikkar?

Oppgåve 2

  1. Tenk deg at du driv ein nettbutikk som sel klede. Lag eit informasjonsskriv som skal leggjast ved ordrestadfestinga de sender ut til kundane. Skrivet skal opplyse om rettane og pliktene kundane har etter angrerettlova.

  2. Sjå om du finn ei ordrestadfesting på eit nettkjøp du sjølv har gjort. Kva informasjon fekk du om rettane og pliktene dine ifølgje angrerettlova? Samanlikn informasjonen du fekk, med den du sjølv tok med i skrivet du laga i oppgåve a. Ser du noko meir du burde ha teke med i skrivet?

Oppgåve 3

Vi har hatt ein stor auke i netthandelen gjennom fleire år. Mange nettbutikkar freistar med gratis retur og endå lengre returrett enn det angrerettlova krev, noko som har ført til svært høge returtal.

Zalando er den største nettbutikken i Europa innanfor mote og livsstil. Kvar dag blir over 50 000 klesplagg returnerte fordi dei ikkje passar.

Zalando sitt lager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

TV 2 hjelper deg ville utforske kva som skjer med klede som blir returnerte. Dei spora derfor sju ulike pakkar med klesplagg for å følgje dei på reisa. Det viste seg at dei sju pakkane blei frakta heile 26 242 km, noko som motsvarer ei reise frå Nordkapp til Sør-Afrika og tilbake igjen.

Zalando ønskjer å redusere talet på returar, og satsar mellom anna på virtuelle prøverom – ein personleg visuell presentasjon av korleis plagget ser ut på kunden.

Du kan lese meir om retureksperimentet til TV 2 hjelper deg og Zalando si satsing på virtuelle prøverom i boksen nedanfor.

Artiklar om retureksperimentet og virtuelle prøverom hos nettbutikken Zalando

TV 2: Dette skjer med klærne du sender tilbake: – Helt vanvittig

Tekstilforum: Zalando investerer i virtuelt prøverom

Drøft påstandane:

  1. "Nettbutikkar gjer det for enkelt å sende tilbake varer."

  2. "Reglane for handel i nettbutikk og i fysisk butikk bør vere like."

  3. "Alle klesbutikkar på nettet bør tilby virtuelle prøverom for å redusere talet på returar."

  4. "Det er fleire fordelar enn ulemper ved å tilby gratis retur og 100 dagars ope kjøp."

  5. "Angreretten er dårleg for miljøet."

  6. "Angreretten er ein nødvendig forbrukarrett."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Klager og reklamasjonar