Medium utgjer ein stor del av kvardagen vår, og har kraft til å påverke både samfunnsutviklinga og livet til den enkelte.
Lag ei problemstilling som handlar om korleis ulike medium påverkar individ og samfunn. Du kan velje å gå i djupna på enkelte medium eller å ha eit meir overordna blikk på medium generelt.
Du kan velje om du vil skrive ein drøftande fagartikkel, eller om du vil drøfte problemstillinga munnleg, åleine eller i samtale med andre.
Definer ei målgruppe for teksten, og tilpass utforminga av teksten etter denne målgruppa.
Bruk punkta nedanfor som støtte i arbeidet med oppgåva:
1. Få overblikk over temaet
Les dei to fagartiklane om mediepåverknad under.
Noter punkt frå artiklane som du synest seier noko viktig om temaet.
Diskuter temaet i par eller grupper, og lag ei liste over ulike sider ved saka som kjem fram i diskusjonen.
Del listene i klassen etterpå. Noter punkt frå andre grupper som du synest er interessante.
Relatert innhald
2. Utforsk temaet i djupna
Sjå på notata frå førre steg, og lag ein førebels plan for kva for ulike sider ved saka du vil skrive om.
Lag eit tokolonne-notat der du skriv dei utvalde punkta til venstre og utdjupar punkta med eigne refleksjonar og døme til høgre.
Gjer eit kjeldesøk for å belyse kvart punkt med fakta og tal. Forslag til kjelder for statistikk over mediebruk:
SSB: Norsk mediebarometer 2020
Medietilsynet: Barn og medium 2020
Ungdata: RapportarGjer eit kjeldesøk for å belyse kvart punkt med døme og perspektiv frå andre sine diskusjonar om dette. Moglege kjelder kan vere dokumentarar, debattinnlegg, fagartiklar og kronikkar om ulike sider ved saka.
Forslag til kjelder:
NRK: Uro: sjukt sosial
NRK: Innafor: influenser
NRK: Folkeopplysninga: Make Lillestrøm great againLegg til stikkord frå kjeldene og lenkjer til kjelder i høgre-kolonnen i notatet ditt.
Be om rettleiing frå læraren undervegs i arbeidet med utgangspunkt i det du har jobba med i dette notatet.
Noter ned tilbakemeldingar frå læraren i høgre-kolonnen ved kvart punkt.
3. Utforming av tekst
No er du klar for å produsere den drøftande teksten din. Bruk kunnskap om tekstar og ulike kommunikasjonssituasjonar i utforminga. Anten du vel ei munnleg eller skriftleg form på oppgåva di, må ho ha med desse punkta:
Ha ei innleiing som introduserer problemstillinga og vekkjer interessa til mottakarane for temaet.
Ha ein hovuddel som belyser og diskuterer ulike sider ved problemstillinga. Hugs å oppgi kjelder.
Ha ei avslutning som samlar trådane frå drøftinga om påverknaden til media. Har du fått eit nytt syn på saka eller kome fram til ein konklusjon gjennom å gå grundig inn på dei ulike sidene ved dette temaet?